Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  SFLMK
Publisert:  23.01.2013
 
Oppdatert: 17.11.2014

Vilt og fisk

SFLMK forvaltar viltet på Stordøya - både jaktbare og andre artar. Vår målsetting er å oppretthalde eit berekraftig mangfald av dei stadegne artane innafor vårt forvaltingsområde.

Viltforvaltninga omfattar forvaltning av alle pattedyr, fuglar, krypdyr og amfibium. Det overordna målet i viltlova er at viltet og viltet sitt leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir tatt vare på. Omsyn til viltet skal innpassast i kommunal og fylkeskommunal planlegging.

Kommunane Stord og Fitjar skal forvalta viltressursane innanfor dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter.

Det er eit mål å leggja til rette for lokal forvaltning av viltressursane i eit perspektiv som er bygd på næring og rekreasjon. Samstundes er det ei målsetting at viltbestandane skal regulerast på eit nivå som tek omsyn til beitegrunnlaget, anna biologisk mangfald og andre samfunnsinteresser.

Ein stor del av viltforvaltninga går til forvaltning av hjort. Arbeidsoppgåvene er m.a.:

  • Årleg tildeling av fellingsløyve.
  • Ta hand om skadde hjortedyr (fallvilt).
  • Få til tenlege hjortevald.
  • Få til eit godt samarbeid mellom grunneigarane om ei god forvaltning av hjorteviltet.
  • Skadeførebyggjande arbeid på åker og eng.
  • Styring av det kommunale viltfondet.

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor ønskjer å komme med fagleg veileiding innan lokal småvilt og hjorteviltforvaltning. For å få ei effektiv lokal viltforvaltning på Stordøya er samarbeidet med grunneigarar, jegerar og andre interesseorganisasjonar heilt avgjerande.

Om SFLMK

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor
har hovudkontor på Fitjar rådhus, med fast kontordag på onsdager på Stord rådhus.

Sjå nedst på sida for kontaktinformasjon og opningstider.
Les meir om SFLMK her. 

Tilsette på SFLMK

Me er fem tilsette ved eininga.
Oversikt over tilsette finn du her. 

Informasjonsskriv

SFLMK gir ut to informasjonsskriv i året.
Infoskriv frå SFLMK finn du her.

 

.

Postadresse

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor

Postboks 83

5418 Fitjar

 

Nettstadkart

Besøk oss på Fitjar (hovudkontor):

Fitjar rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 45 85 00

Opningstid: Mån-fre (9:00-15:00)

Besøk oss på Stord, Leirvik:

Stord rådhus, 1. etg.

Telefon: 53 49 68 22

Opningstid: Ons (9:00-15:00)

Stord kommune

 Fitjar kommune