Av:
B. Withbro/K.K. Sævareid
Publisert:
26.02.2009
Foto: Kjersti K. Sævareid
Oppdatert:
06.12.2012
Til biblioteket si eiga barne- og ungdomsside
Hovudbiblioteket har eiga avdeling for barn med skjønnlitteratur og faglitteratur for born opp til 14 år. Barneavdelinga er òg eit tilbod til foreldre, lærarar, førskulelærarar og studentar og andre som ynskjer å låna litteratur og andre media for barn. I barneavdelinga er i tillegg til bøker også film og lydbøker for barn.
Filialen på Litlabø har òg ein eigen seksjon med bøker for barn, og her finst òg mindre depot av film og lydbøker i tillegg.
Bibliotekpersonalet hjelper til så godt me kan med å finna fram til litteratur for barn du ynskjer råd og rettleiing.
For skular og barnehagar har bibliteket tilbod om utlån av bokdepot. For barnehagar er kanskje lån av biletbokdepot og bøker til høgtlesing mest aktuelt. For skulane kan depotlån vera aktuelt i samband med emneopplegg, leseprosjekt m.v. Lån av depot kan gjerast på institusjonslånekort, dvs. at det då er den einskilde skule eller barnehage som står ansvarleg for låna.
På biblioteket si heimeside er det elles ei eiga barneside. Her finn du m.a. opplysningar om barneavdelinga, lenkjer til Lesehulen, spel, nettvettsreglar m.v.