Av:
Hans Magne Eikeland
Publisert:
17.11.2009
Oppdatert:
22.05.2013
I slektsbanken finst opplysningar om personar. Opplysningane er systematiserte i anetavler (førslektslister) og stamtavler (etterslektslister). Slektslistene tek ikkje med biografiske opplysningar om liv og lagnad til desse personane.
Hans-Magne Eikeland har for det meste henta opplysningane frå dei mange bygdebøker som finst for Sunnhordland, Hardanger og andre nærliggjande kommunar. I tillegg har han nytta Erik Bakkevig si bok "Sunnhordlands-slekter", og opplysningar frå personleg kontakt med folk.
I Slektsbanken kan du, om du er heldig, finna di eiga slekt ferdig samla og systematisert. Men dei heldige er i fåtal, så du må rekna med å gjera ein innsats og prøva deg i bygdebøkene og andre kjelder. Etterpå kan du kanskje søkja i Slektsbanken på namn som høyrer heime i di slekt.
I beste fall kan du her få treff og koma i gang med ei slektsliste for deg sjølv.
Bildet: Her vert det arbeidd med Slektsbanken. Frå venstre Hans-Magne Eikeland, Marius Hope og Bjørnar Withbro.