Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  B. Withbro/K. K. Sævareid
Publisert:  30.09.2009
 
Oppdatert: 18.01.2012

Slik søkjer du i Slektsbanken

Du kan søkja både i anetavler og stamtavler, eller du kan gjera søk i heile Slektsbanken.

Anetavler

Anetavler er førslektslister som startar i notid. Det vil seia at du kan søkja på ein ætling og finna foreldre, besteforeldre o.s.v. Anetavlene er delt inn i kommunar. Nærare informasjon om anetavlene finn du i dokumentet Generell orientering om slektsbanken

Stamtavler

Stamtavler er etterslektslister som startar med stamforeldre tilbake i tid og tek for seg etterkommarane. Stamtavlene er sortert i slektsnamn. Nærare informasjon om stamtavlene finn du i dokumentet Generell orientering om slektsbanken

 

Søk i heile slektsbanken med Google


Klikk her for å gjera eit søk i heile slektsbanken


Dersom du har problem med å opna filene?

Dersom du nyttar Internet Explorer som nettlesar kan du oppleva problem med å lasta ned filene. Den nettlesaren som ser ut til å fungera best i Slektsbanken er Mozilla Firefox. Den er gratis og enkel å lasta ned frå internett. Du kan framleis ha andre nettlesarar tilgjengeleg på PC-en din.  

Stord folkebibliotek
Postboks 264
5402 Stord

Framsidebilete: Kjersti K. Sævareid

Telefon:  53 49 69 70
Telefax:  53 41 59 51

E-post:   folkebiblioteket@stord.kommune.no

Nettredaktørar:
Bjørnar Withbro 
Kjersti Koppang Sævareid