'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Frå avdelinga med aviser og tidsskrift
Av:  B. Withbro/K. K. Sævareid
Publisert:  03.03.2009
Foto: Kjersti K. Sævareid
Oppdatert: 18.12.2012

Tilbod

Stord folkebibliotek - Tenestetilbod

Verdiar i Stord kommune sin Kultur- og verdiplakat er sentrale for biblioteket si verksemd. Biblioteket ynskjer å vera brukarorientert, kompetent og nyskapande.
Biblioteket vil handsama alle brukarar venleg og med respekt, og me vil freista å vera resultat- og løysingsorienterte. Me vil utnytta biblioteket sine ressursar og bibliotekpersonalet sin kompetanse best mogleg. Målsetjinga vil vera å gi så god service som råd.

Me ynskjer:
Syta for mangfald og allsidig tilvekst i mediesamlinga innan gitt budsjettramme.
Vurdera forslag til innkjøp av media, og andre forslag som gjeld biblioteket sine tenester.

Bibliotektenestene gjeld m.a.

  • Gratis lån av ulike typar media og innlån frå andre bibliotek.
  • Hjelp til å finna opplysningar og informasjon
  • Heimeside
  • Bibliotekorientering for skuleklassar/grupper

Du kan bruka på biblioteket:

  • PC til Internett og teksthandsaming
  • Oppslagsverk
  • Aviser og tidsskrift
  • Lese- og grupperom

Du kan låna heim:

  • Bøker
  • Film
  • Lydbøker
  • Musikk
  • Språkkurs
  • Tidsskrift

Arrangement:

  • Eventyrstund

Andre tilbod:

  • Lokalhistorisk samling
  • Maritim samling
  • Kopiering
  • Sjølvbetent utlånsautomat for bøker og lydbøker

Varsel om reserverte media på sms

Når du no reserverer utlånte media på biblioteket kan du samstundes be om at det vert registrert at du ynskjer slike meldingar på SMS. Til no har biblioteket sendt ut reserveringsmeldingar på e-post, eller som vanleg brev.

sms-varslinga fører til at du får raskare melding om det du ventar på. Denne tenesta har me hatt frå okt-09

Stord folkebibliotek, desember 2012

 


 

.

Stord folkebibliotek
Postboks 264
5402 Stord

Framsidebilete: Kjersti K. Sævareid

Telefon:  53 49 69 70

E-post:   folkebiblioteket@stord.kommune.no

Nettredaktørar:
Bjørnar Withbro 
Kjersti Koppang Sævareid