Av:
Atle Barsnes
Publisert:
13.12.2011 18:21
Oppdatert:
13.12.2011 18:46
Endeleg har skulen fått ut arbeidsplanar, prøveplanar og årsplanar for kvart undervisningstrinn. Du finn det under Klassetrinna framme på heimesida vår.
Måndagar ca. annan kvar veke legg undervisningstrinnet ut arbeidsplanane for dei neste to vekene. I tillegg vert det tilgong til prøveplanar som skal syna datoar for ulike prøver i ulike fag. I tillegg vil ulike halvårs- og årsplanar vera tilgjengelege same staden.
Denne tenesta vil vera eit nyttig verkty både for elevar og føresette når det gjeld å finna ut kva ein skal gjera på skulen - dersom ein treng og minnast om dette....