Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  03.01.2012 19:18
 
Oppdatert: 03.01.2012 20:06

Rektor møtte alle elevane på 10. trinnet første skuledag etter jul.

Viktig å vera motivert for å ta ut det beste i seg !

 

Rektor hadde møte med alle elevane på 10. trinnet første skuledag i 2012. Gjennom føredrag og klar tale prøvde han å motivera både lærarar og elevar til skikkeleg innsats det siste skulehalvåret elevane har att på Stord ungdomsskule.

Elevane må nytta den mogelegheiten som dei har til å betra karakterane i vårhalvåret. Særleg må enkelte ha fokus på ”slurv” som har ført til merknad eller nedsett orden eller åtferdskarakter i haustsemesteret.

Anne –Grete Sandtorv frå Stord næringsråd var med på møtet. Ho la vekt på kompetansekrav, vilje og evne til å ta i eit tak. Ho la også vekt på holdningane til den enkelte elev og HMT (Helse-Miljø-Tryggleik). Dette er viktige element i høve til krav i næringslivet.

Rektor vonar at elevane vil leggja ein positiv undertone i det å gå på skulen. Legg dei vekt på eigentrening i dei ulike faga, er rektor sikker på at mange av elevane vil kunna få ei positiv utvikling framover. Rektor vil følgja opp elevane  med nye møtepunkt frametter.

Her kan du sjå heile PowerPoint-presentasjonen / føredraget til rektor.

John K.

Stord ungdomsskule
Vikahaugane
5411 Stord

Vis kart

Tlf: 53 40 44 40
Fax: 53 40 44 41

Ansvarleg redaktør: John Karsten Raunholm