Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Atle Barsnes
Publisert:  25.01.2012 14:34
 
Oppdatert: 25.01.2012 15:02

Januarbrev frå rektor 2012

Skulekvardagen gjer mange ulike utfordringar for ungdommane ved skulen vår.

Det er ikkje alltid like lett å vera elev på ungdomsskulen. Samstundes som skulen skal fungera som ein stor møteplass der eleven skal føla seg trygg og utvikle godt vennskap og gode sosiale relasjoner, vert det stilt store krav til den einskilde ungdommen om å gjera sitt beste i fagleg samanheng.

"Januarbrev til heimen" omfattar mykje av dette. Skuleinnsats og læringstrykk, sosiale medium og farar ved desse, inneklima ved skulen, juleballet 2011; formaningar, utfordringar og ros.

Frå skulen si side er intensjonen å gjera ein så god jobb som mogeleg i høve til fagleg og sosial utvikling for den enkelte elev. Har de spørsmål så skal det vera ein låg terskel for å ta kontakt. Ein samtale mellom elev, lærar og forelder  kan løysa mykje dersom noko vert vanskeleg.

Me løftar i lag ……

Stord ungdomsskule
Vikahaugane
5411 Stord

Vis kart

Tlf: 53 40 44 40
Fax: 53 40 44 41

Ansvarleg redaktør: John Karsten Raunholm