Av:
Stord kommune
Publisert:
20.09.2010
Foto: Inger Helene Kjeka
Oppdatert:
18.11.2011
Stord ungdomsskule ligg vakkert til på Vikahaugen ovanfor Leirvik sentrum.
Skulen har eit flott nærområde med tilgang til mange naturbiotopar. I nærområdet er det også svært gode tilhøve for å driva fysisk aktivitet. Her er fleire hallar, kunstgrasbane, skeisebane, sandvolleyballbane, berre for å nemna nokre av fasilitetane.
Skulen har hausten 2011 329 elevar og 45 tilsette. Elevane er organiserte i 12 grupper. På alle tre undervisnigstrinna (8., 9. og 10. trinnet) er det 4 parallelle grupper. Dei tilsette er organiserte i 3 arbeidslag, eitt for kvart trinn.
Skulebygningen er frå byrjinga av 60 talet. Nytt mediatek og auditorium med tilhøyrande grupperom har løfta kvaliteten på deler av bygningsmassen, sjølv om resten av skulen eignar seg lite til å driva etter moderne læringsprinsipp. . Me prøver å gjera det beste ut av dei fysiske rammene me har, slik at me kan driva med utviklingsarbeid i tråd med dei straumdraga som nye planar fører med seg. Samstundes har vi kome godt i gong med planar for heilt ny ungdomsskule på Vikahaugane - "Konge på haugane". No står det berre att å få finansane på plass og vedta bygginga.
John K.