Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  13.10.2017 13:02
 
Oppdatert: 24.10.2017 08:33

Friplass-ordning

Stord kommunestyre vedtok i juni friplass-ordning i kulturskulen.

På det siste kommunestyret før sommarferien vedtok eit einstemmig kommunestyre å innføre friplass-ordning i kulturskulen, med oppstart januar 2018.

Her kan du søkje om friplass: http://www.stord.kommune.no/Documents/Kulturskulen/friplass-ved-Stord-kulturskule.pdf?epslanguage=no

Friplass vert tildelt etter søknad med vedlagd likningsattest, samt opplysningar om skatteklasse. Eventuelle endringar i situasjonen etter dette må dokumenterast.

Det kan søkjast om friplass for elevar i Stord kulturskule når netto skattbar inntekt i familien er kr 400 000,- eller mindre.

Det kan i utgangspunktet søkjast om 1 friplass pr. elev.

Det må søkjast om friplass for eit og eit skuleår (ved tildelt friplass for vårsemester, må det søkjast på nytt til hausten). Søknadsfrist er 15. desember, gjeld plass for vårsemesteret og 1. august, for plass på haustsemesteret.

Det skal nyttast vanleg søknadsskjema som du finn på Stord kommune si heimeside, http://www.stord.kommune.no/no/Stordkulturskule/ for å registrera kva tilbod eleven ynskjer å bli elev i kulturskulen på. Skriv gjerne i merknadsfeltet at ein søknad om friplass vil bli sendt inn. Dette søknadsskjemaet om friplass er eit tillegg til den ordinære søknaden om elevplass i kulturskulen.

Har du spørsmål, ta kontakt med kulturskulen på tlf 53 49 69 05 / e-post: kulturskulen@stord.kommune.no  eller ta ein tur innom kontoret vårt i Stord kulturhus, 2. etasje.

Du kan få hjelp til å fylla ut søknadsskjemaet ved å ta kontakt med kulturskulen sitt kontor.

.

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Anne Lene Østvold Jordåen
Tlf. 53 49 69 05
Mob. 480 43 386

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Tjødnalio skule - Osen 6