'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Åge Vallestad
Publisert:  04.03.2009
 
Oppdatert: 06.08.2013

Tilboda

På lenkene ovanfor kan du finne informasjon om alle undervisningstilboda våre.

Til informasjon kan me komande skuleår ikkje tilby undervisning i blokkfløyte, keyboard/synth, klarinett og saksofon. Dette grunna manglande lærarkrefter.

Me har i fleire år hatt lange ventelister på gitar, dansetilbod, drama/teater og song. Me oppmodar søkjarar til desse tilboda om å søke alternative tilbod. Det er ledige plassar på messinginstrument, parkour, i Stord kulturskulekor og i Stord ungdomskor. Det er også svært kort venteliste på tverrfløyte.

Frå skuleåret 2011-2012 har me hatt desse nye tilboda:

  • Klasssisk ballett for barn i alderen 3 til 6 år
  • StreetDance/HipHop for gutar
  • Parkour
  • Ukulele (for barn, unge og vaksne)
  • Visuelle kunstfag

Desse tilboda vil me forsetje med skuleåret 2013-2014.

Me har skuleåret 2012-2013 ikkje hatt nok søkjarar til å setje i gong undervisning i  visuelle kunstfag. Me oppmodar interesserte å søkje plass på dette tilbodet og vil prøve å starte opp frå januar 2014 dersom me får nok søkjarar.

1. april er søknadsfrist for våre ordinære undervisningstilbod og for kor og korps om å kjøpe dirigenttenester frå kulturskulen.

Søknadsfrist for musikkleik 0-1 er 1. juni og 1. desember.

 

.

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Åge Vallestad
Tlf. 53 49 69 05
Mobil: 975 52 215

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Meieriet - Tjødnalio skule - Leirvik skule - Langeland skule - Høgskulen Stord/Haugesund