Av:
Stord kommune
Publisert:
10.03.2009
Oppdatert:
23.06.2011
Dirigenten er tilsett og løna av kulturskulen. Medlemene betalar kr 300,- pr.semester i kontingent til koret. Det vert gjeve søskenmoderasjon.
Opprinneleg vart koret starta opp som eit aspirantkor for Stord ungdomskor, og fekk difor namnet Aspane. Framleis samarbeider me jamnleg med ungdomskoret, dei siste åra har me vore med på julekonsertane deira i Nysæter kyrkje.
Koret er ope for jenter og gutar frå 5.klasse og oppover. I 8.klasse kan dei evt. starta i ungdomskoret, men det er ikkje noko i vegen for å fortsetja i Aspane eitt år til.
Øvingstida til Aspane er onsdagar 17.15 – 18.35.
Me øver i det store rommet til kulturskulen (Tutti-rommet). Døra rett fram i vestibylen, til venstre for inngangen til symjehallen.
Dirigent er Ingjerd K.Kolstad.
Tidleg i haustsemesteret har koret foreldre-/årsmøte og val av nytt styre.
No i haust planlegg me å vera med på ein av kulturskulekonsertane, i tillegg til at me sjølvsagt får med oss i alle fall ein julekonsert.
Kanskje nokon spør oss om å vera med på eitt eller anna arrangement? Då stiller me gladeleg opp dersom det passar.
Har du noko du lurer på kan du ta kontakt med underteikna!
Du kan også ringe kulturskulen, tlf. 53 49 69 05, eller nytte kontaktskjemaet du finn i boksen til høgre.
Med venleg helsing
Ingjerd - 906 82 115
Send e-post til Ingjerd her.