'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  20.03.2009
 
Oppdatert: 23.06.2011

Vedtekter for koret

1. FORMÅL

Stord Kulturskulekor - Aspane er eit kortilbod til gutar og jenter frå 5. klasse. Eit føremål for koret er å fremja interessa for song, samstundes som ein freistar å utvikla songrøysta og den musikalske forståinga. Eit anna føremål er å læra koristane samarbeid og kameratskap, både innan koret og med andre kor.

2. MEDLEMSKAP

Som medlemer kan ein ta opp jenter og gutar frå 5. klasse som har interesse av å syngja i kor. For songelevar i Kulturskulen vil deltaking i koret vera ønskjeleg. Utmelding frå koret bør ikkje finna stad i eit skuleår utan ved heilt særskilde høve som ved flytting frå Stord e.l. Medlemene er personleg ansvarlege for noter og anna utstyr som vert utlånt frå koret. Utmelding frå koret skal meldast til styret i ASPANE.

3. KONTINGENT

Årsmøtet fastset kontingenten.

Alle medlemer skal betala vanleg kontingent til koret. Frå og med skuleåret 2002/2003 vert denne kontingenten sett til kr 300,- pr. semester (halvår). Av denne kontingenten vert kr 100,- pr. semester rekna som avgift til Kulturskulen for dekking av felles utgifter, noter m.m.

Dersom det er fleire sysken med i koret, skal første barn betala 100% og dei følgjande betala 50% kvar.

4. FRAMMØTE

Alle må møta presis til øvingane. Til konsertar har medlemene møteplikt. Dersom eit medlem er forhindra frå å møta på ein konsert, må dirigenten ha melding snarast råd.

5. EKSKLUSJON

Stort fråvær (meir enn 25% på øvingane) utan rimeleg grunn, og manglande betaling av kontingent, gjev grunnlag for påtale. Dersom ikkje påtalen vert følgd opp, kan medlemen ekskluderast frå koret.

Det er berre styret i samråd med rektor for Kulturskulen, som kan ta avgjerd om eksklusjon.

6. STYRET

Styret er samansett av 3 medlemer, leiar, nestleiar og kasserar. Dirigenten for koret og rektor for Kulturskulen har møte- og talerett i styret. I tillegg kan 2 representantar frå koret møta. Styret skal veljast blant og av koristane sine føresette.

Styret konstituerer seg sjølv, og fordeler dei oppgåvene som ligg på styret Funksjonstida er 2 år. I særlege tilfelle kan ein søkja om ei funksjonstid på eitt år. Det skal vera ei målsetjing å prøva å sikra kontinuitet i styret. Styret er vedtaksført når 3 medlemer er tilstades.

7. ÅRSMØTET

Det skal vera årsmøte kvart år i september eller i byrjinga av oktober månad. Årsmøtet skal kunngjerast to veker på førehand. Framlegg til årsmøtet må vera styret i hende minst ei veke før årsmøtet. Det skal haldast omframt årsmøte når styret eller 1/3 av dei føresette krev det. Kravet må vera skriftleg og nemna den/dei sakene som ein ønskjer å ta opp. Kravet skal stilast til styret og underskrivast av dei som krev møtet. Omframt årsmøte skal berre handsama den/dei sakene som framgår av innkallinga.

Eit vanleg årsmøte skal ha slik dagsorden:

  1. 1. Konstituering
  2. 2. Årsmelding
  3. 3. Revidert rekneskap
  4. 4. Kontingent
  5. 5. Innkomne framlegg
  6. 6. Val

8. DIRIGENT

Dirigenten vert tilsett av Stord Kulturskule. Det vert utarbeidd arbeidsavtale som skal regulera arbeidsoppgåvene til dirigenten. Arbeidsavtalen skal underskrivast av styret for koret, rektor for Kulturskulen og dirigenten for koret.

Dirigenten har møte- og talerett i styret.

9. REVISOR OG VALKOMITÉ

Årsmøtet vel også revisor og ein valkomité på 2 medlemer. Desse har ei funksjonstid på 1 år.

10. VEDTEKTSENDRING

Endringar eller tillegg til vedtektene kan berre vedtakast av årsmøtet.

11. OPPLØYSING AV KORET

Oppløysing må vedtakast av 2 påfølgjande ordinært innkalla årsmøte. Slikt vedtak kan berre gjerast med 2/3 fleirtal. Årsmøtet vedtek også kven som skal ivareta koret sine eigedelar.

.

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Åge Vallestad
Tlf. 53 49 69 05
Mobil: 975 52 215

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Meieriet - Tjødnalio skule - Leirvik skule - Langeland skule - Høgskulen Stord/Haugesund