Av:
Stord kommune
Publisert:
10.03.2009
Oppdatert:
23.06.2011

Tverrfløyta tilhøyrer treblåsarfamilien og er opphavleg eit gamalt instrument laga av tre, men fløyta slik ho er i dag er laga av metall.
Me får lyd i fløyta ved å blåse mot kanten av holet på munnstykket – nærast som å blåse på ei flaske!
Kulturskulen tilbyr fløyteundervisning til elevar frå 2. trinn og oppover. Undervisninga føregår som regel i grupper på 2-4 elevar. Opplæringa er tilpassa kvar enkelt elev og me legg stor vekt på at den enkelte elev skal oppleva meistring og speleglede. For å få til å spela fløyte må det øvast heime!
Ein viktig del av undervisninga er også å delta på konsertar, me har som mål at alle elevane skal vera med på konsert ein gong kvart semester. Desse konsertane er lagt til rette slik at alle elevane skal føla seg trygge og konserten skal opplevast som ein naturleg del av undervisninga.
På timane arbeider me mellom anna med å få god klang i instrumentet, samspel, notelesing, improvisasjon og komposisjon. Det er laga mykje og god fløytelitteratur, dei lærebøkene som me nyttar mest er: Midt i blinken (Krøger/Vannebo/Mortensen), Min egen fløyteskole (Krøger) og Jeg spiller det jeg hører (Mortensen).
Kulturskulen samarbeider med Stord skulekorps, alle aspirantar på tverrfløyte er elevar i kulturskulen og får si opplæring hos oss. Etter kvart vert desse elevane også med i Stord skulekorps sitt juniorkorps.
Nedre aldersgrense for å få plass på tverrfløyte er normalt 7 år.
Lærarar på tverrfløyte er:
Anne Lene Østvold Jordåen og Grete Hylland