'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  03.09.2009
 
Oppdatert: 23.06.2011

Song

I Stord kulturskule tilbyr me songundervisning for enkeltelevar og grupper.

Stikkord for songundervisninga: 

  • Teknikk – ein skal læra å bruka stemma på ein sunn måte
  • Pust og haldning – viktige føresetnadar for sunn stemmebruk
  • Gehør
  • Puls/rytme
  • Tekst – tydeleg uttale, tolking av tekst, stemning, uttrykk
  • Dynamikk – sterkt, svakt
  • Improvisasjon
  • Fleirstemt song
  • Klangutvikling
  • Ulike stemmetypar – trena på å bruka stemma på ulike måtar
  • Ulike genrer - pop, jazz, musikal, viser, klassisk, folketonar m.m.
  • Opptre – deltaking på kulturskulen sine konsertar og arrangement.

Og det viktigaste av alt: SONGGLEDE!

For å bevara songgleda er det viktig å føla at ein heile tida får passelege utfordringar og at ein føler at ein utviklar seg. Det er viktig å læra å bruka stemma på ein sunn og god måte, viss ikkje blir synging fort slitsamt, utviklinga stoppar og ein mister songgleda.

For å bli ein betre songar er det viktig å jobba kontinuerleg og medvite med stemmebruk og song. Øving heime er ein viktig føresetnad for utvikling og for trivsel i kulturskulen.

  

Om øving (henta frå velkomstarket alle nye songelevar får utdelt):

 

”Det skal øvast på song/songleksa kvar dag! Jo fortare ein kjem inn i ein jamn rutine, jo lettare blir det. Det er vel og bra å nynne/synge på leksa medan ein gjer andre lekser, sit ved dataen, ser på tv osb, men set òg av litt tid kvar dag der det berre skal fokuserast på song.

 

Dette kan gjerast:

Oppvarming: songøvingar, fysisk fokus (haldning, pust o.l.). Øve på leksa: pugge tekst, tolke tekst (stemning, uttrykk, oversetjing  m.m), tydeleg tekst, synge på ulike måtar (sterkt, svakt – bli kjent med stemma), øva inn melodi (ved bruk av notar, eller ved lytting (youtube, spotify…)).

 

Hugs: Sjølve songtimen er berre ein bitte liten del av veka. Det er det som skjer mellom timane som gjev grunnlaget for utvikling, og som gjer ein til ein betre songar.

 

Nedre aldersgrense for å få plass på song er normalt  8-9 år.

Lærar for dette tilbodet er Ingjerd K. Kolstad.

.

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Åge Vallestad
Tlf. 53 49 69 05
Mobil: 975 52 215

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Meieriet - Tjødnalio skule - Leirvik skule - Langeland skule - Høgskulen Stord/Haugesund