Av:
Stord kommune
Publisert:
18.05.2009
Oppdatert:
21.03.2012
Me har hatt eit prøveprosjekt i animasjon kor Omar Zahl Pettersen er lærar skuleåret 2009-2010. Men frå skuleåret 2010-2011 er det ope for alle interesserte i alderen 5. til 7. klasse.
Du kan søke på vanleg måte gjennom søknadsskjemaet du finn til høgre. Les meir om tilbodet her.
Me hadde eit tilbod i bildande kunst for ca. 10 år sidan. Dette var eit svært populært tilbod, men vart nedlagd som følge av ei økonomisk nedskjering.
Men me kjem til å starte opp dette tilbodet frå januar 2012 dersom me får nok søkjarar.
I utgangspunktet er det elevar frå mellomtrinnet (5 til 7 klasse) som vil bli prioritert. Men dersom me får flest søkjarar frå andre aldersgrupper vil me prioritere desse. Det betyr at det er oppe for aldersgrupper å søke om plass. Me må ha ca. 12 pr. gruppe for å starte opp tilbodet.
Rammeplan for tilbodet me hadde for 10 år sidan finn du her.