'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  13.03.2009
 
Oppdatert: 16.12.2013

Tilsette

Under finn du alle våre tilsette med e-postadresser og mobilnummer.

Du kan sende e-post ved å klikke på namnet. Her finn du romfordeling i 1. etasje og 2. etasje i kulturhuset.

 Namn og kontaktinformasjonArbeidsoppgåver
 Åge Vallestad

  

Åge Vallestad 

Tlf. 53 49 69 05

Mob. 975 52 215

Einingsleiar og rektor for kulturskulen. Åge er Stordabu og har arbeidd i stillinga som rektor sidan august 1993.

 

Rebekka Almås

Rebekka skal skuleåret 2013-2014 ha ansvaret for aspirantkorpset til Stord skulekorps.

Magnus Blom

 

Magnus Blom  

Mob. 995 81 839 

Magnus er distriktsmusikar med piano som instrument og han underviser også i piano. Magnus er svensk og har arbeidd i Stord kulturskule i fleire år. Han har tidlegare m.a. arbeidd som akkompagnatør ved operaen i Stockholm.

 

 

Torill Berger Falk

Mob. 478 88 648

Torill er tilsett som lærar i drama/teater. Ho er frå Stord og har utdanninga si frå Høgskulen Stord-Haugesund. Hausten 2013 skal ho saman med Ian Kolstad arbeide med eit teaterprosjekt på Heiane mottakssenter.

 

 

Knut Heggdal

Mob. 975 79 413

Knut skal skuleåret 2013-2014 undervise i ukulele og band samt vikariere for Frode Hammersland i bassgitar. Knut er nyutdanna bachelor frå faglærarutdanninga i musikk ved HSH. Han kjem opphavleg frå Aurland i Sogn og Fjordane.

Tone Heide

  

Tone Heide   

Mob. 413 36 409  

Tone underviser i piano og kyrkjeorgel. Ho kjem opprinneleg frå Årdal i Sogn, men har arbeidd i kulturskulen sidan 1998. Tone og Alise er ansvarleg for fiolinprosjektet på Tjødnalio skule. Ho har også kompetanse innanfor Write an Opera.

 Bilde av Tone Synneve Hellesøy

 

Tone Synneve Hellesøy

Mob. 991 07 528

Tone Synneve skal skuleåret 2013-2014 vikariere i del av stillinga til Tone Heide. Ho skal for det meste undervise i piano, men også akompagnere fiolingrupper og arbeide saman med Alise Jonassen med fiolinprosjektet på Tjødnalio skule.

 

 

Thea Lund Hinderaker

Mob. 930 37 203

Thea skal frå hausten 2013 ha stort sett all instrumentalundervisninga i messinginstrument. Ho har arbeidd hos oss tidlegare og har utdanninga si frå HSH her på Stord.

Fredrik Horn

 

Fredrik Horn

Mob. 902 29 112

Fredrik er frå Haugesund og er for tida student ved faglærarutdanninga i musikk ved Høgskulen Stord-Haugesund. Han har tidlegare arbeidd m.a. i Haugesund kulturskule. Han er tilsett som pianolærar hos oss.

Grete Hylland

  

Grete Hylland 

Mob. 907 24 476

Grete er distriktsmusikar med tverrfløyte som instrument, eit instrument ho også underviser på. Ho er i tillegg ansvarleg for Musikkleik 0-1, eit tilbod for barn i alderen 2 til 12 mnd med foreldre. Dette tilbodet starta ho opp i 1994 og har vore ansvarleg for det heilt sidan den tid. Ho underviser også på musikklina på Stord vidaregåande skule.

Alise Jonassen

  

Alise Jonassen 

Mob. 905 55 119 

  

Alise har undervist i Stord kulturskule sidan hausten 1986 og er med det den som har vore lengst tilsett i kulturskulen.
Ho underviser på fiolin i kulturskulen, driv strykeorkester og i tillegg har ho starta og driv eit spennande fiolinprosjekt på Tjødnalio skule. Ho har også i alle år vore ei av drivkreftene bak Sunnhordland kammerorkester.

 Anne Lene Østvold Jordåen

 

Anne Lene Østvold Jordåen

Mob. 480 43 386

Anne Lene har vore tilsett hos oss sidan 1996. Ho har heile tida hatt undervisning i tverrfløyte som hovudarbeidsoppgåve. Ho har også vikariert som distriktsmusikar og hatt nestleiaransvar. Ho er ved sida av å vera tilsett hos oss tilsett i Fitjar komune som rektor for Fitjar kulturskule.

Ian Kolstad

  

Ian Kolstad

Mob. 415 18 795

Ian arbeider som musikkterapeut og som lærar i gitar og band. Han arbeider som musikkterapeut i kulturskulen og i kommunale og fylkeskommunale einingar. Ian spelar også i bandet Goldlog, kor kona hans, Ingjerd, er vokalist. Hausten 2013 skal han saman med Torill Berger Falk arbeide med eit teaterprosjekt på Heiane mottakssenter.

 Ingjerd K. Kolstad

 

Ingjerd K. Kolstad

Mob. 906 82 115

Ingjerd arbeider som songlærar i kulturskulen. I tillegg til å undervise i dette dirigerer ho Stord kulturskulekor-Aspane og har vokaltrening i Stord ungdomskor. Ho underviser også på musikklina på Stord vidaregåande skule. Ho er også ein mykje nytta solist i mange ulike samanhengar. Ho er også vokalist i bandet Goldlog.

Svein Roger Koppang

 

Svein Roger Koppang

Mob. 986 61 986

Svein Roger arbeider som ass. rektor, messingpedagog og korpsdirigent. Han har skuleåret 2013-2014 50% stilling i Stord kulturskule og 50% stilling i Fitjar kulturskule. Svein Roger har mesteparten av utdanninga si frå England kor han i mange år studerte i Manchester. I vår kulturskule skal han i tillegg til å vera ass.rektor dirigere Sagvåg skulekorps.

Jarle Kristoffersen

 

Jarle Kristoffersen   

Mob. 908 80 394

Jarle arbeider som distriktsmusikar med cello som instrument. Han underviser i cello, fiolin, piano og orkester. Jarle arbeidde før han kom til oss som distriktsmusikar i Nesna. Han utfører oså musikartenester for Sunnhordland kammerorkester. I tillegg arbeider han med musikkprosjekt i  både Skogatufto barnehage og Heiane barnehage.

 

  

Håvard Kroka

Mob. 908 75 594

Håvard er tilsett gjennom kulturskulen som dirigent for Rommtveit skulekorps og Stord skulekorps.

 

 

Rene Misje

Mob. 988 28 796  

René har nyleg avslutta mastergraden sin i musikkterapi. Han skal skuleåret 2013-2014 ha musikkterapi i ulike kommunale einingar og undervise i band.

 

 

Rune Nesse

Mob. 415 58 642

Rune er tilsett som slagverkslærar. Han er elles godt kjend i Stord sitt musikkliv som utøvande musikar og songar i Storm Weather Shanty Choir. Han underviser også i slagverk på musikklina.

 Endre Engveik Olsen

Endre Engevik Olsen

Mob. 458 53 871

Endre Engevik Olsen, som er godt kjend i musikklivet på Stord, er lærar i ukulele. Han har årelang musikarerfaring m.a. frå Bergen og Liverpool, som låtskrivar, gitarist og vokalist i band som Kambourines, Angry Wasp og Blood Command. I desse dagar har han busett seg på Stord, og livnærer seg som freelance musikar. Endre har musikklærarutdanning frå Høgskulen i Bergen.

 

 

Ailin Sanden

Mob. 452 88 778

Ailin skal våren 2014 vikariere i song i del av stillinga til Ingjerd Kolstad. Ailin har utdanning frå faglærarutdanninga i musikk ved HSH og er ferdig utdanna bachelor våren 2014. Ho dirigerer i tillegg Leirvik mannskor.

 Marte Fjellheim Sarre

 

Marte Fjellheim Sarre

Mob. 993 13 692

Marte er frå august 2013 tilsett som vår nye danselærar. Ho er utdanna bachelor frå Universitet i Stavanger, men kjem opphavleg frå Karasjok i Finnmark. Marte skal ha hovudansvar for jazzdans og beslekta danseformer.

Tom Stien

 

Tom Stien 

Mob. 976 53 926

Tom arbeider som gitarlærar i kulturskulen, noko han har gjort sidan 2006. Han underviser i klassisk, akustisk gitar og el. gitar. Han spelar elles i Stord gitartrio. Tom har dei siste åra bygd fleire svært gode gitarar som han har seld til m.a. lokale musikarar. Om du har lyst på ein handbygd gitar er det berre å ta kontakt med Tom.

Omar Zahl Pettersen

 

Omar Zahl Pettersen 

Mob. 909 33 981

Omar har vore tilsett i kulturskulen sidan 1992. Han underviser i piano, animasjon og orkester, men har kompetanse innanfor ei rad andre felt. Han er m.a. ein av tre i Noreg som er godkjende av Royal Opera House til å vera kursleiar i metoden "Write an Opera".

 

Gareth Whittaker

Mob. 415 40 917

Gareth underviser i Parkour. Han har utdanning, erfaring og trening i dette frå London. Han har hovudutdanning som lærar i design. Hausten skal ha arbeide med eit parkourprosjekt på Heiane mottakssenter.

 

Jorunn Gravem Whittaker

Mob. 476 74 068 

Frå januar 2012 er Jorunn fast tilsett i både Fitjar og Stord kulturskule. Jorunn har i  9 år studert og arbeidd i England. Dei siste åra i London. Ho kjem opprinneleg frå Dokka. Ho er hovudansvarleg for undervisninga i klassisk ballett.

Fordeling av undervisningsrom

Kontaktinformasjon

Einingsleiar
Åge Vallestad

Telefon
53 49 69 05

E-postadresse
age.vallestad@stord.kommune.no

.

Stord kulturskule                 
Boks 304 - 5402 Stord
Besøksadresse: Stord kulturhus
Tlf.: 53 49 69 05

Fax: 53 49 69 08
E-post til kulturskulen

Rektor: Åge Vallestad
Tlf. 53 49 69 05
Mobil: 975 52 215

Undervisningsstader:
Stord kulturhus - Meieriet - Tjødnalio skule - Leirvik skule - Langeland skule - Høgskulen Stord/Haugesund