UNDERVISNINGSSTADAR
Stort sett er all vokal/instrumental-undervisning lagd til Stord kulturhus.
Her vil du finna eit yrande musikkliv kvar ettermiddag og kveld frå kl. 13.00 til kl. 20.30. Undervisninga i dans og teater er i vår nye flotte dansesal i det gamle meieriet i Leirvik sentrum. Me har også noko undervisning på Tjødnalio, Leirvik og Sagvåg skular. Dette er i all hovudsak fiolinundervisning, strykeorkester og parkour.
ØVING
For at du skal få utbyte av undervisninga, må du sjølvsagt sjølv ha instrument, og du må vera viljug til å øva kvar dag. Det er du sjølv som må øva deg opp, læraren din kan visa deg kva du skal gjera for at du skal få eit godt resultat.
SAMSPEL
Å spela aleine er ofte kjekt, men å spela saman med andre kan vera kjekkare. Det er svært viktig at elevane våre får trening i samspel med andre. Difor har me orkester for strykarane. Me prøver også å få i stand samspel på tvers av instrument, t.d. piano, fløyte, song, gitar og andre. Me legg også opp til tverrfaglege aktivitetar mellom elevar på musikkfag, dans og teater.
Det er viktig å delta i kor, korps eller orkester. Det er også spennande og lærerikt å laga samspelgrupper sjølv saman med nokon du kjenner.
KONSERTAR

Kulturskulen har konsertar gjennom heile skuleåret, ca. ein i månaden. Konsertane er lagd til oppvekstområda og til Kulturhuset. Konsertane er opne for alle elevar i skulen og deira føresette, søsken, tanter, onklar, besteforeldre og elles andre interesserte. Det er viktig at elevane våre får trening i å spela for andre, difor er det eit mål at dei fleste elevane deltek på minst ein konsert i løpet av skuleåret. Elevane våre deltek også på mange andre konsertar rundt om i kommunen. Dei får også høve til å delta i ulike konsertprosjekt, t.d. barnehageturne (temakonsertar for barnehagane).
Det er eit mål og ynskje frå kulturskulen at elevane vert engasjert til speleoppdrag, både gjennom kulturskulen og gjennom andre (grunnskulen, lag og organisasjonar m.m.).
FORELDRE MED PÅ TIMANE
Me ser det som ein fordel at foreldra kan vera med på timane, særleg det første året. Me har gjort svært gode erfaringar med dette dei siste åra. Elevane vert tryggare, lærer raskare og får mykje betre støtte og hjelp heime. Det hadde vore fint om alle nye elevar kan ha far eller mor med på timane når haustsemesteret startar.
SKULERUTE
Me føl grunnskulen si skulerute og skuleruta for skuleåret 2011-2012 finn du her.