Av:
Stord kommune
Publisert:
22.05.2009
Oppdatert:
30.10.2012
Den kommunale beredskapsorganisasjonen
Hovudmål
Stord kommune sitt beredskapsarbeid har som mål å utvikla eit handteringsapparat som kan redusera konsekvensane krise-, katastrofe- og krigssituasjonar.
Delmål
- Stord kommune har ei leiing som er mentalt førebudd på ein krisesituasjon og er handlingsorientert dersom ein slik situasjon oppstår.
- Kommunen har etablert kommunal kriseleiing (KKL) og eigen plan er laga for dette.
- Risiko- og sårbarhetsanalysen (ROS) er eit sentralt verkemiddel når det gjeld førebygging og utarbeiding av delplanar.
- Øving og opplæring vert gjennomført jamnleg.
Organisasjon
Siktemålet skal vera ein mest mogeleg normal organisering av tenestene. Då ein del kommunale oppgåver blir nedprioritert, kan personell flyttast frå einingar der oppgåver blir redusert i høve ein normal situasjon, til einingar der oppgåveløysing krev auka personellomfang.
Kriseleiinga har fullmakt til å gjera organisasjonsendringar og overføring av kommunalt personell dersom tilhøva tilseier dette.
Målsetjinga er å halda oppe kommunen si ordinære drift så langt det er mogeleg.
Kriseleiinga i Stord kommune er samansett av:
- Ordførar
- Rådmann - leiar
- Kommunalsjefane
- Representant frå Kundetorget
- Representant frå Sekretariatet
Alt etter kva krisesituasjon det er, vil andre tiltre kriseleiinga, t.d:
- Brannsjef
- Kommunelege
- Lensmann
- Leiar for dei kommunale foretaka ( bygg/eigedom og VAR )
- Representant frå kyrkja
- Representant frå Regulering, byggesak, oppmåling
Kontaktinformasjon
Dersom du i ein krisesituasjon har behov for å kontakta beredskapsgruppa i Stord kommune, kontakt følgjande personar:
- Kommunalsjef Knut J. Gram
Tlf. 975 52 011 / 53 49 66 68
Fax 53 49 66 01
E-post: knut.gram@stord.kommune.no
Dersom du ikkje oppnår kontakt med Kommunalsjef Knut J. Gram,
kontakt følgjande:
- Rådmann Magnus Mjør
Tlf. 916 44 039/ 53 49 66 39
Fax 53 49 66 01
- Kommunalsjef Mariann J. Hilt
Tlf. 414 16 503 / 53 49 66 89
Fax 53 49 66 01
- Kommunelege Lars Helge Sørheim
Tlf. 990 95 893 / 53 49 66 30
Fax 53 49 66 01
- Brannsjef Børge Presthaug
Tlf. 975 52 050 / 53 49 68 46
Fax 53 41 47 60
Andre viktige telefonnummer
Politi
53 40 28 00
53 40 28 49
Fylkesmannen
55 57 20 00
55 57 20 09
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
482 12 000