'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 25.01.2012 10:19:00
Oppdatert: 16.01.2014

Fastlege

Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å delta i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytta til ein fast, namngitt allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine, og skal prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista hans. Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ei anna kommune enn den du bor i. Du står fritt om du vil delta i ordninga, og du kan fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for barn under 16 år, veljer du også fastlege for barnet ditt. Du har krav på å behalde fastlegen din ved opphald på sjukeheim.

Målgruppe

Alle som er busette i Noreg.

Vilkår

Du må vere busett i Noreg.

Samarbeidspartnarar

Relaterte tenester

Rettleiing

Når du veljer flytting til ein ny kommune, bør du velje fastlege i den nye kommunen. Dersom du ikkje aktivt veljer ein ny lege i kommunen, vil du behalde den legen du hadde før flytting. Når du ønskjer å byte fastlege, kan du velje ein av desse måtane:

  • Gå inn på "MinFastlege" og byt sjølv på nettet
  • Dersom du ikkje har høve til å bruke Internett, kan du ringje fastlegekontoret på telefon.  Ha fødselsnummeret ditt (11 sifre) klart før du ringjer. Fastlegekontoret kan fortelje deg om tilgjengelege fastlegar og setje deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg dersom legen har ledig kapasitet.

Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet vart registrert. Du vil få eit brev som stadfestar at du er tildelt ny fastlege.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke byteretten. Du har rett til å byte fastlege inntil to gonger per kalendarår.
  • Dersom du meiner du ikkje får den nødvendig helsehjelpa frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage på dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klaga må du gi ein omtale av kva for forhold klaga gjeld. Du bør opplyse om kva du ønskjer endra, og grunngi dette.
  • Kommunen vil kunne gi deg rettleiing. Klaga skal sendast til den instansen i kommunen som har behandla saka. Opprettheld kommunen avgjerda si, blir klaga vidaresend til Helsetilsynet i fylket.
  • Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettlova også klage til Helsetilsynet over måten sjølve tenesta blir utførd på.
  • Klaga skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at saka om mogleg kan bli  løyst på lågaste nivå.

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Pris:
Du betaler eigendel.

Nærståande tenester:
Helsetjenestetilbud til flyktninger og asylsøkere
Helsestasjon
Helsestasjon for ungdom

Søkeord

Legeteneste, legeerklæring, legetime, legevakt, legeattest

Relaterte artikler

Ekstern informasjon

Kontakt Stord kommune

Lars Helge Sørheim
Kommunelege i Stord

Aasmund Storebø
Kommunelege i Stord (tys)

Telefon
53496630

E-postadresse
lars.helge.sorheim@stord.kommune.no
aasmund.storebo@stord.kommune.no

.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM