Av:
Stord kommune
Publisert:
03.06.2010
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert:
11.09.2012
Reduksjon eller fritak for skatt (ettergjeving eller nedsetjing av skatt)
Som hovudregel skal alle betale den skatten som er fastsett. I visse tilfelle kan du søkje om å få utsetjing med betalinga, få skatten redusert eller sleppe å betale skatt.
Målgruppe
Skattepliktige som ikkje er i stand til å betale heile eller delar av den skatten dei skuldar.
Vilkår
Du kan få utsetjing med innbetaling av utskriven forskotsskatt eller fritak for forskotstrekk dersom du er midlertidig ute av stand til å betale skatten. Årsaker kan vere dødsfall eller alvorleg sjukdom. Skattekravet kan setjast ned eller fråfallast dersom betalingsevna di er varig svekka.
Samarbeidspartnarar
Skattekontoret, skatteoppkrevjar (kemner/kommunekasserer), Skatteetaten
Rettleiing
Søknad skal innehalde
- namn
- stilling
- sivilstand
- inntekt (ev. sambuar/ektefelle/partner si inntekt) dei siste to åra
- Tal på forsørga og deira alder
- opplysning om skatten er basert på sjølvmelding eller skjønnslikning
- Kva for krav som vert søkt ettergjeve
- opplysning om eventuell sjukdom
- oppgåve over faste utgifter
- grunngjeving for søknaden
Alle opplysningane bør vere dokumentert.
Vedlegg
Kopi av sjølvmelding for dei siste to åra, eventuelt siste likning.
Saksbehandling
Skatteutvalet treff avgjerd for ettergjeving av skatt inntil kr 200 000. I saker som gjeld summar over kr 200 000, har skattekontoret avgjerdsmynde. Skatteoppkrevjaren kan avgjere søknader om ettergjeving/nedsetjing som gjeld forseinkingsrenter på inntil kr 50 000.
Klage
Det er ikkje adgang til å klage over vedtak fatta av skatteutvalet. For vedtak fatta av skatteoppkrevjar eller skattekontor, kan du klage til overordna mynde etter reglane i forvaltningslova. Du har høve til å søkje på nytt dersom du meiner at saka ikkje har vore tilstrekkeleg belyst eller at situasjon har endra seg.