Av:
Stord kommune
Publisert:
24.11.2010
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert:
07.02.2013
Gratis tilkøyrd strøsand til eldre og uføre i Stord kommune
Eldre personar er særskilt utsett for fall på glatt føre. Mange av desse skadane skjer like utafor døra til bustaden, og difor kan strøsand hjelpa.
Dette er tanken som ligg til grunn for eit ulukkesførebyggjande samarbeidsprosjekt mellom Stord kommune ved Stord veg, trafikk og parkering, Frivilligsentralen i Stord og FK-Butikken Stord AS.
Målgruppe
Målgruppa for prosjektet er personar som er 70 år eller eldre. Desse kan få ei bøtte med strøsand levert heim til seg gratis. Uføre utanom målgruppa kan etter særskild vurdering verta omfatta av tilbodet.
Kontaktinformasjon
For å tinga strøsand i Stord kan du ringa:
Frivilligsentralen i Stord
v/Theresa Fjellanger
Tlf. 53 40 16 16
Det vert utkøyring etter avtale.
Dei som har bøtter frå i fjor vil få desse etterfylt.