Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Spebarn på vekta (bildet er arrangert)
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 25.01.2012 10:27:22
Oppdatert: 07.02.2012

Helsestasjon (0-5 år)

Tenesta er eit tilbod om:

  • barnevaksinasjonar
  • helseundersøkingar
  • førebyggjande psykososialt arbeid
  • opplysningsverksemd
  • heimebesøk
  • samarbeid om habilitering av born med spesielle behov

Vaksinasjonar følgjer nasjonalt vaksinasjonsprogram.
Helsestasjonen kan også gi tilbod om foreldrerettleiing, t.d. om søvnproblem, samspelproblem og åtferdsproblem hos born.

Kven møter du på helsestasjonen? 

På helsestasjonen jobbar lege, helsesøster, assistent og jordmor. I tillegg kan du treffe fysioterapeut og tannpleiar etter spesiell avtale. Me prøver å skape optimal tryggleik og kontinuitet, m.a. gjennom bruk av fast helsesøster/helsestasjonslege for kvart buområde. 

Målsetjing  

Å førebyggja medfødte og erverva sjukdomar.

Målgruppe

  • Alle foreldre som ventar barn, eller som har spedbarn eller småbarn opp til skulealder, er velkomne til Helsestasjonen.  

    Ein treng ikkje ha "spesielle" problem eller vanskar for å ta kontakt med helsestasjonen. Me vil gjerne ha kontakt med alle barnefamiliar, og ser gjerne at dei som ikkje allereie har kontakt med oss, tek kontakt.
  • Gravide (sjå svangerskapsomsorg).

Vilkår

Helsestasjon 0-5 år er gratis. Det er frivillig å nytte tenestetilbod v/helsestasjonen. Stord (Leirvik), Sagvåg og Nordbygda helsestasjon yter tenester til bebuarar som soknar til det aktuelle buområde. Berre unntaktsvis, og etter avtale, kan alternativ helsestasjon nyttast.

Alle tenester ved helsestasjonen byggjer på låg terskel (det skal vere lett å få kontakt med oss). Me driv førebyggjing, ikkje behandling (behandling er fastlegen si oppgåve). Er du i tvil, ta kontakt. 

Om tinging av time

Det er timetinging for faste kontrollar ved helsestasjonane. Me set stor pris på at du avbestiller timen dersom du og barnet ikkje kan møta.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Når du har født eit barn, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for enten heimebesøk eller oppfølging på helsestasjonen. Kontakten blir oppretta på bakgrunn av fødselsmelding. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Dersom du meiner du ikkje mottek nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova påklage dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.
  • Klaga skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket.
  • I klaga skal du oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi det. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.
  • Klageinstans er Helsetilsynet i fylket. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Helsetilsynet i fylket  for klagebehandling.
  • Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettlova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klaga skal først sendast kommunen eller direkte til tjenesteytaren, slik at saka om mogleg kan løysast på lågaste nivå.

Kontaktinformasjon

Stord kommune er det tre helsestasjonar for sped- og småbarn:

Stord helsestasjon

Stord helsestasjon finn du i Myro på Leirvik, vis-a-vis rehabiliteringssenteret
Gateadresse er Lønningsåsen 9A. Telefon 53 49 69 85. Opningstid: måndag-fredag 08.30-15.00
Finn oss på kartet 

Nordbygdo helsestasjon

I Nordbygdo finn du helsestasjonen i samme bygg som Nordbygdo ungdomsskule, Kleivane 33. Telefon: 53 45 44 10. Opningstid: måndag, onsdag og torsdag 8.30-15.00. Tysdag og fredag etter avtale.
Finn oss på kartet 

Sagvåg helsestasjon

Sagvåg helsestasjon finn du i "Blåbygget", Vassneset 1. Telefon 53 49 68 54. Opningstid: måndag-torsdag 08.30-15.00
Finn oss på kartet 

Annan informasjon

Pris:
Tenesta er gratis.

Søkeord

barselgruppe, helsesøster

Relatert informasjon på andre nettstader

  • www.helsetilsynet.no  
    Uavhengig tilsynsmyndighet for helse- og sosialtenester
  • www.fylkesmannen.no  Tilsynsmyndighet for helsetenesta og helsepersonell
  • www.odin.no Informasjon frå regjeringa og departementa www.folkehelsa.no - Nasjonalt folkehelseinstitutt

Kontaktinformasjon

Sommaropningstider

Stord helsestasjon

Tlf. 53 49 69 85
Ope måndag-fredag 08.30-15.00

Nordbygdo helsestasjon

Tlf. 53 45 44 10
Ope: måndag, onsdag og torsdag 8.30-15.00.
Tysdag og fredag etter avtale

Sagvåg helsestasjon

Tlf. 53 49 68 54
Ope måndag-torsdag 08.30-15.00

Helsestasjonane ligg under Eining for sosial- og førebyggjande teneste, avdeling for førebyggande helse

Leiande helsesøster Hanne Robbestad 

Tlf. 53 49 69 85 eller 975 52 049

Fax: 53 49 69 07 

E-post: hanne.robbestad@stord.kommune.no

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM