'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 31.08.2010 10:20:42
Oppdatert: 11.09.2012

PP-tenesta

PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) har som hovudmålsetting å ha eit førebyggande perspektiv gjennom

  • systemarbeid, kompetanse- og organisasjonsutvikling knytt til barnehagar og skular
  • utgreiing, kartlegging, rettleiing og sakkunnig vurdering knytt til enkeltbarn/elevar
  • samarbeid med andre kommunale hjelpeinstansar, samt fylkeskommunale og statlege hjelpeinstansar (BUP, Habiliterings- og Rehabiliteringsteneste, Statleg Pedagogisk Støttesystem, m.fl.)

Den pedagogisk-psykologiskt tenesta skal sørgja for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det.  Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for barn i førskulealder, spesialundervisning for elevar i grunnskulen, samt vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.

Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering på ein del andre område, blant anna

  • tidlegare eller utsett skulestart
  • fritak frå opplæringsplikta
  • teiknspråkopplæring
  • punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
  • søknad om inntak på særskilt valt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1

PP-tenesta på Stord

Det er PPT for Stord og Fitjar som utgjer PP-tenesta i Stord kommune.

 

Målgruppe

  • Barnhagar og skular.
  • Barn, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
  • Elevar med trong for god tilrettelegging i skulen

Vilkår

Ingen særskilde vilkår er knytt til PP-tenesta

Samarbeidspartnarar

Relaterte tenester

Lover

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.

Opplæringslova § 5-6, jf. § 5-1 og § 5-7

Forskrift til opplæringslova

Rettleiing

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Ingen spesiell frist, førespurnad blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Det er kundetorget som handsamar søknad om spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning. Det er også kundetorget som gjer vedtak. PP-tenesta er kommunen sin sakkunige instans, og gir tilråding knytt til barnet/eleven sine behov. Det er såleis ikkje PP-tenesta som gjer vedtaka.

Klage

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

pedagogisk-psykologisk teneste, PP-teneste, psykisk, helse, psykolog, pedagog, psykiatri, barn, ungdom, elev, skule, skole, opplæring, undervisning, lærevanskar, barnehagar, lesevanskar, vaksenopplæring, spesialpedagog, vidaregåande, teiknspråk, punktskrift, dauv, blind, svaksynt

Tilvising

Barn/elevar blir tilviste i samråd med barnehage/skule, eller av dei føresette sjølve. Foreldre og vaksne kan på eige initiativ ta kontakt med PPT for informasjon og vurdering av behov for tenester.  Helsesøstrer, barnehagar og skular kan etter skriftleg samtykke og i samarbeid med føresette tilvisa saker til PPT.

Stord kommune har utarbeidd eigne rutinar for kva barnehagar og skular kan/skal gjera før evt. tilvising PPT, og dei fleste tilvisingar blir gjort gjennom barnehage eller skule.

Tilvisingsskjema samt rettleiing til utfylling kan du få av

.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM