Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Gerd Synnøve Fladby
Publisert:  19.12.2014 09:05
 
Oppdatert: 10.06.2015 12:29

Avslutning av MIC-prosjektet

Norad vedtok i april at 2014 skulle vera eit utfasingsår for det internasjonale kommunale samarbeidsprosjektet MIC. Prosjektet vert avslutta 31. desember 2014.

I to treårsbolkar 2008-2010 og 2011-2013 hadde kommunane Stord og San Juan Comalapa i Guatemala eit viktig samarbeid der måla var å ta vare på miljøet med medviten bosshandsaming og auka kvinneleg deltaking i samfunnslivet.

I 2014 stilte Norad, gjennom kommunane sin organisasjon KS, berre halvparten av midlane i eit vanleg år til rådvelde. Frå 4-7. november 2014 var representantar for norske og guatemalanske deltakarkommunar på eit avslutningsseminar i Panajachel, Guatemala. Frå Stord reiste prosjektkoordinator Gerd Synnøve Fladby og nestleiar av komité for næring, miljø og kultur, Håkon Frode Særsten. Frå Comalapa deltok ordførar Valeriano Picihyá, rådmann José Brigido Tomás og Angela Mitch frå kvinnekontoret.

Imponerte over resultata

Representantane frå KS, Elita Cakule og Liss Schanke, var imponerte over resultata som var oppnådd i dei guatemalanske kommunane. I Comalapa er målet om kommunal bosshenting, med deponering på ein godkjend avfallsplass, oppnådd – sjølv om det førebels er eit pilotprosjekt for bykjernen som så langt ikkje er berekraftig av di ibuarane ikkje er villege til å betala det ei slik ordning kostar.

Når det gjeld auke av kvinner i samfunnslivet kan Comalapa visa til at dei no har 15 kvinnelege hjelpeordførarar (Alcaldesas Auxiliares) som utgjer 50 prosent i urbane strøk og 12 prosent i rurale område. Dette er ei stor nyvinning av di slike verv tradisjonelt har vore for menn. I tillegg er det no stor auke av kvinnelege leiarar i dei lokale utviklingskomiteane (COCODES) både i bykjernen og i grendene. Mange kvinner som har vore med i opplæringsprogramma i MIC-prosjektet er no aktive i ulike politiske parti og førebur seg til å delta i kommuneval i 2015. I møte og seminar, som Kvinnekontoret i Comalapa arrangerte, fekk me erfara kor interesserte kvinnene er i å skolera seg i samfunnskunnskap og sjølvtillit.

Dei guatemalanske og norske kommunane i MIC-prosjektet hadde håpa at 2014 skulle vera det første året i ein ny treårsbolk. I 2015 vert det ikkje nokon økonomisk støtte frå Norad til å halda fram med prosjektet, men KS var forsiktig optimistiske og ville arbeida for at ein på sikt, kanskje i 2016, kunne søkja midlar til eit internasjonalt kommunesamarbeidsprosjekt.

Før avslutningskonferansen i Panajachel, var Gerd Synnøve Fladby og Håkon Frode Særsten i Comalapa i møte med ordførar, rådmann, kommunestyret, miljøkontoret og kvinnekontoret og på synfaring ute i kommunen for å følgja opp prosjektet. Eit nytt element i bybiletet var bossbilen som køyrte rundt i bykjernen. Me var også på tre av skulane, som er med i miljøprogrammet, og fekk sjå resultat av at barn og lærarar no har lært om kjeldesortering og resirkulering. Ei stor utfordring er reint drikkevatn. Nokre skular hadde fått ecofilter til å reinse vatn, og rektorar og lærarar hadde eit sterkt ønskje om at alle klasserom skulle kunne ha slike filter.

Siste dagen av MIC-konferansen i Panajachel vart representantane frå dei seks guatemalanske kommunane i prosjektet samde om å møtast 27. november 2014 i Santiago Atitlán for å sjå om dei kunne koma fram til felles prioriteringar og for å søkja midlar slik at dei kan halda fram med dei viktigaste aktivitetane. Den norske ambassadøren, Jan Gerhard Lassen, som var til stades denne dagen var positiv til eit slikt samarbeid.

Det vart skrive eit 40 siders referat frå avslutningskonferansen på spansk og engelsk. Dette har KS sendt til forskar Jørn Holm-Hansen ved NIBR som skal laga ein offisiell evalueringsrapport av MIC-programma i Guatemala og Afrika. Rapporten skal liggja føre tidleg i 2015.

Prosjekt er tidavgrensa - venskapen held fram

Stord kommune tok i 1989 initiativ til venskap med Comalapa som har vart i 25 år. I nesten 10 år, frå 2002, hadde kommunane eit utvekslingsprogram for ungdom gjennom Fredskorpset, og no er sju års samarbeid i det internasjonale kommuneprosjektet MIC slutt. Men venskapen held fram. Stord og Comalapa er offisielle venskapskommunar og har aktive venskapskomitear.

Den og 26. oktober 2014 vart ein plakett, som stadfestar 25 års venskap, avduka i venskapsparken i Comalapa. Det var veteranane i venskapsarbeidet Demetrio Calí, Gabino Sotz, Torger M. Tvedten og Gerd S Fladby som fekk æra av å avduka minnesteinen med mellom andre dei noverande leiarane av venskapskomiteane Edwin Curruchich og Chris-André Elvik som vitne.

Jubileumsfeiring var førebudd av venskapskomiteen og Comalapa kommune i lag, og heile kommunestyret, samt medlemmer av venskapskomiteen og tidlegare fredskorpsarar, deltok i feiringa. Me fekk høyra ein imponerande konsert med kor, korps og ungdomssymfoniorkester; eit resultat av musikkprosjektet og fredskorpsutvekslinga gjennom fleire år.

Kristina Rødahl, Kirkens Nødhjelp sin representant i Guatemala, overrekte ei minnegåve til leiaren av venskapskomiteen i Comalapa Edwin Curruchich. Ho minna om at det var Kirkens Nødhjelp som var mellomledd då kontakten mellom Stord og Comalapa vart knytt for 25 år sidan. Ho sa ho var imponert over det omfattande samarbeidet som hadde utvikla seg gjennom desse åra.

Det var og ei stor ære for jubileumsfeiringa at viseutanriksminister i Guatemala Marta Eulalia Estrada Xicará - inntil nyleg Guatemala sin ambassadør i Noreg - tok turen til Comalapa for å gratulera med 25 års venskap mellom dei to kommunane.

Representantar frå norske og guatemalandske kommunar

Bilete i tekst:
Frå avslutningsseminaret for MIC-prosjektet i Panajachel, Guatemala, i november 2014 der representantar frå seks norske og seks guatemalanske kommunar var til stades. I annan rad frå venstre: Elita Cakule (KS), Håkon Frode Særsten Stord) José Brigido Tomás (Comalapa) og Gerd S Fladby (Stord).Frå høgre i same rekka: Inger Magnum (Ål), Liss Schanke (KS), Reidun Aaker (Ål) og Angela Mitch (Comalapa).

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen