Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Skisse på ny sjukeheim
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  04.10.2017 11:37
 
Oppdatert: 04.10.2017 11:51

Engelsen bygg AS skal byggja ny sjukeheim

Etter anbodskonkurransen om totalenteprise for ny sjukeheim er det Engelsen bygg AS som hadde best tilbod og vann konkurransen.

Stord kommune inviterte til open totalentreprise for ny sjukeheim Bandadalskvartalet basert på vinnarutkastet (Utsikten) utforma av arkitektfirma Brekke Helgeland Brekke AS. Seks entreprenørfirma melde seg på konkurransen.

Frist for levering av tilbod var sett til fredag 15. september 2017 kl 12.00. Innan fristen var det levert 5 tilbod:

  • Engelsen bygg AS
  • Veidekke AS
  • Kruse Smith AS
  • Fronta AS
  • Engevik & Tislevoll AS.

Tilboda stettar krav til utforming av tilbod oppgjeve i anbodsdokumenta.

Det lågaste tilbodet er ca 2 mill kr over kalkylen som lagt til grunn for kommunestyret sitt vedtak om bygging av ny sjukeheim Bandadalskvartalet.

Engelsen bygg AS hadde det beste tilbodet på om lag 120 mill kr inkl meirverdiavgift basert på best score på pris og oppgåveforståing.

Dei andre tilbydarane har 14 dagar på seg til å be om innsyn i tilboda.

Nybygget skal innehalda 48 sengerom med stover, kjøkken, kontor, personalrom, garderobar og andre tilhøyrande rom.

Det er planlagt oppstart i løpet av 2017 og med ferdigstilling april/mai 2019.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen