Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Slukkeplan for FM radionettet
Av:  Brit S. Myklebust
Publisert:  16.03.2017 09:30
 
Oppdatert: 16.03.2017 14:09

Frå FM til digital radio

Radioskiftet nærmar seg med stormskritt. Veit du kven av radiokanalar som blir heildigitale og når radioskiftet skjer der du bur?

I Hordaland blir FM-nettet avvikla for NRK 21. juni. P4, Radio Norge og lokalradioar som ikkje fortset på FM, blir avvikla 15. september.

11. januar 2017 startar avviklinga av FM-nettet for riksdekkjande radiosendingar i Nordland. Utover året følgjer resten av landet, og før utløpet av 2017 vil all riksdekkjande radio i Noreg vere heildigital.

Når det digitale radioskiftet er ferdigstilt, vil du kunne lytte til riksdekkjande kanalar via DAB-nettet, nettradio, appar på mobil eller tv. Mange lokalradioar vil framleis sende på FM også etter 2017. Med unnatak av Radio Norge og P4 vil alle riksdekkjande kanalar som sendast på DAB (utan pluss) blir flytta over på DAB+ i 2017. Dei fleste DAB+-radioar kan ta inn sendingar på DAB og FM.

Behov for meir informasjon?
Meir informasjon om det digitale radioskiftet og fullstendig sløkkjeplanen finn du på www.medietilsynet.no/digitalradio Du kan også sende spørsmål til digitalradio@medietilsynet.no.

 

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen