Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  02.10.2017 05:30
 
Oppdatert: 28.09.2017 10:31

Etablerer bustadkontor

Frå 2. oktober er bustønad, låne- og tilskotsordningar til bustad og tildeling av kommunale bustader samla i Bustadkontoret.

Bustadkontoret skal gi råd og rettleiing når det gjeld bustadsosiale utfordringar, og handsama søknader om bustønad, kommunale bustader og omsorgsbustader og søknader om startlån og tilskot. Bustadrådgjevingstenesta som skal gi råd ved tilpassing av bustader vil du òg få kontakt med gjennom Bustadkontoret.

Tilsette i Bustadkontoret er:

  • Bente Røyrvik med ansvar for bustønad
  • Sten Arve Johnsen som er bustadkonsulent og har ansvar for tildeling av kommunale bustader og omsorgsbustader
  • Marianne Ankervold med ansvar for startlån og tilskot og bustadrådgjevingstenesta

Dei vil ha kvar sine hovudoppgåver, men skal vikariera og hjelpa kvarandre ved behov.

Bustadkontoret er ei eiga avdeling under Tildelingskontoret og held til på rådhuset. E-postadresse er bustadkontoret@stord.kommune.no.

Etablering av bustadkontor er eit av måla i den bustadsosiale handlingsplanen til kommunen.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen