Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Kommunalsjef Mariann J. Hilt saman med Pål Roland frå Universitetet i Stavanger
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  28.10.2017 09:30
Foto: Trude Aamot
Oppdatert: 28.10.2017 09:47

Felles fagdag for oppvekst

Fredag 27. oktober arrangerte fagområde oppvekst felles fagdag på Stord konferansesenter i Rutle.

Kommunalsjef Mariann J. Hilt saman med føredragshaldar Pål Roland frå Universitet i StavangerTema for dagen var relasjonsbygging. Pål Roland frå Universitetet i Stavanger heldt inspirerande og lærerike føredrag. I år var det å byggja gode relasjonar til borna/elevane som stod i fokus, noko som vart eit naturleg framhald frå fagdagen i fjor, der det var dei vaksne sine relasjonar seg i mellom som var temaet.

Dagen var delt i to, der halve dagen vart brukt til å jobba på eigen arbeidsplass med oppgåver i tilknyting til temaet, og den andre halvdelen av dagen vart brukt i Rutle med føredragshaldaren, Pål Roland. Dei som arbeidar med barn i skulealder var samla i første økt. I tillegg til skulane, var også vaksenopplæringa, kulturskulen, førebyggjande tenester, PPT og barnevern og tilsette i skulen i Fitjar kommune til stades, til saman var det om lag 540 deltakarar i salen.

Dei som arbeidar med barn i barnehagealder, både kommunale og private barnehagar, saman med førebyggjande tenester, PPT og barnevern var samla i andre økt, til saman 290 deltakarar.

Trass i mykje logistikk med mange bilar og folk, gjekk dette knirkefritt. Ein særleg takk til dei som deltok på første økt for at dei var med å takla utfordringane på parkeringssida på ein så god måte! Tusen takk til alle for ein flott dag, og sist men ikkje minst ein stor takk til Stord konferansesenter som nok ein gong gjorde ein super innsats slik at dagen vart vellukka.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen