Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
barn står i lag og syng
Av:  Hildebjørg Røssberg
Publisert:  31.08.2017 09:00
Foto: Else Jorunn Belsvik
Oppdatert: 31.08.2017 09:02

Nyopna Skogatufto barnehage

Tysdag 29. august var det klart for fest og markering av at Skogatufto barnehage endeleg har fått si etterlengta rehabilitering og utbygging.

Foreldre, søsken, hovudentreprenør Engevik og Tislevoll, tidlegare tilsette og komitè for oppvekst og utvikling var med å kaste glans over opninga. Barnehagekoret framførte song til glede for små og store. Gode ord vart sagt og godt samarbeid gjennom førebuings- og utføringsfasen vart tydeleg verdsatt. Det siste halvåret med opphald i midlertidige lokale har synt kva godt samarbeid, uthaldenheit og konstruktivitet kan vere med å få til når tilsette, foreldre og ikkje minst vår kjære vaktmeiseterteam jobbar saman for å koma i mål. Me ser no fram til å fortsette dette samarbeidet i våre rette lokale og med eit meir einsretta fokus; å driva kvalitativ barnehage i eigna omgjevnadar.

Skogatufto barnehage har no fått eit meir eigna barnehagebygg i form av auka moglegheit til å nytte rom fleksibelt, og med eit meir ope og innbydande areal. Her er høve til store fellesrom, eller avdelt for mindre grupper. Forhold er lagt til rette for at barna sjølv skal kunne meistre meir og naturleg bli ein enno større del av dei kvardagslege oppgåver som finn stad. Areala som er renovert og bygd om er lagt til rette universelt og ergoterapeut har vært med i planlegginga. Det er teke høgd for at personar med funksjonshemming skal kunne vere i barnehagen utan større hinder, både som barn i barnhagen og som gjestar.

Barnehagen vil takka alle som har vert med i prosessen, både foreldre, interne og eksterne aktørar. Dei er veldig glad for den «nye» barnehagen sin, og har allereie i løpet av dei tre første vekene kjent at dette gjer ein skilnad på kvardagen. Dei gledar seg til fortsetjinga.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen