Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  27.09.2017 11:38
 
Oppdatert: 27.09.2017 11:56

Omorganisering av einingar

I samband med prosjektet arealeffektivisering vert det omorganisering av nokre einingar i Stord kommune.

Einingane som er råka er Rekneskap og løn, Økonomigruppa og Personalgruppa.

Som følgje av behov for meir areal for Stord kommunalteknikk grunna at dagens tilhøve ikkje tilfredsstiller krava til det fysiske arbeidsmiljøet og trong for meir lokale for Stord kommunale eigedom, flyttar eining for rekneskap og løn ut av SKE bygg på Heiane.

Rekneskap og løn vert delt og ny eining blir Løn og personal. Rekneskapsavdelinga vert ein del av Økonomiavdelinga, og flyttar til rådhuset i 3. etg.

Personalgruppa flyttar frå rådhuset til leigde lokaler i SKL bygget. Lønsavdelinga flyttar frå Heiane og til same lokaler.

Ny besøksadresse for Løn og personal er Lønningsåsen 2ny besøksadresse for rekneskap er rådhuset, Borggata 2.

Formell dato for omorganiseringa er 1.1.18, men einingane er på flyttefot denne veka.

Arealeffektiviseringsprosjektet vart sett i gang av kommunestyret 2013,ref. kommunestyresak PS – 9/17.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen