Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Plast i naturen
Av:  Astrid Larsen
Publisert:  28.02.2017 10:20
Foto: Friluftsrådet
Oppdatert: 28.02.2017 12:13

Plast i naturen/herrelaust avfall

I Stord kommune vil me ha reine strender og innbydande sjø året rundt.

Gut i strandMarin forsøpling og plast i naturen generelt er eit samfunnsproblem som trugar både fuglar og dyr. Alle hugsar me bilete av kvalen som stranda på Sotra med 30 plastposar og store mengder plastavfall i magen. I etterkant av dette har det skjedd ein enorm mobilisering og friviljug innsats i mange kommunar på vestlandet. Alle kan gjere sitt for ikkje å forsøpla, og kan vere med å rydde i strender eller andre stadar i naturen der ein ser at det flyt med boss.

Kan eg hjelpa?

Dersom du ynskjer å gjere ein innsats med å rydda, åleine eller saman med vener eller i regi av eit lag eller ein organisasjon – så kan du få bossekkar frå Sunnhordland interkommunale miljøverk IKS (SIM). Gå inn på www.sim.as (vårt samfunn, ryddeaksjonar) og finn skjema for registrering og meir informasjon. Når du har registrert deg for å rydda eit område vil du få raskt svar på om du kan setje i gong med rydding.

Stord kommune er ein av tolv medlemskommunar i Friluftsrådet Vest. Friluftsrådet har ansvar for sju friluftsområder på Stord, men kan vera behjelpeleg med å henta sekkar med boss på andre stader der ein ikkje kjem til med lastebil. Sjå Friluftsrådet si nettside for meir informasjon www.frivest.no

Henting av strandboss

6. mai er Hold Norge rent sin strandryddedag. På Hold Norge rent sine nettsider er det sagt at kvar dag kan vera ein strandryddedag, men 2. – 7. juni er strandryddeveka. Dersom du ynskjer å bruka denne veka til å rydda, så gå inn på Hold Norge rent si nettside og registrer deg der. https://holdnorgerent.no/om-strandryddedagen/

Sjå og facebooksida Strandryddegjengen der du finn aktuelt stoff om strandrydding på globalt, nasjonalt og i Sunnhordland.

Bilete i artikkel: øvst: Gut ved strand, nedst: Henting av boss med Friluftsrådet Vest sin båt på Hidle. Foto: Friluftsrådet.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen