Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
barn frå alle barnehagane
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  21.06.2017 15:47
 
Oppdatert: 21.06.2017 15:51

Presentasjon av førskulebarn sine innspel til gode møteplassar.

I dag var det barnehagane sin tur til å fortelje kva dei synest er gode møteplassar i nærmiljøet. Dei hadde laga flott utstilling og presentasjon av prosjektet.

Presentasjonen er ein del av det nasjonale prosjektet Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse, der Stord er ein av 40 kommunar som deltek. Målet med prosjektet i Stord er å få til brei medverknad i kommunale planprosessar.

Folkehelserådgjevar Jens Harald Garden frå Hordaland fylkeskommune var til stades og fekk med seg innspela. Han presiserte viktigheiten av å laga ein god kultur for god medverknad.

- Det er viktig å lytta til alle, og å få informasjon hos ekspertane. Det barnehagane her viser oss gir oss viktig informasjon og innspel for kva som betyr noko for dåke i kvardagen som me vaksne må lytta til og ta med oss vidare når me skal planlegga tiltak for god helse og trivsel for barn og unge på Stord og i Hordaland, sa Garden.

Ønskjer utvikling av naturskog og leikeplassar

Det var fem barnehagar som presenterte resultat av prosjekta deira. Dei har jobba med å få fram barna sine perspektiv på kva som er gode møteplassar og kva som er viktige trivselsfaktorar i nærmiljøet.

Villvettene friluftsbarnehage brukar skulehagen ved Høgskolen på Vestlandet mykje, og leirplassen deira som gode møteplassar. Dei ønskjer ein draumeleikeplass som inneheld grøntområde, trer å klatra i, elv/bekk, haugar og skrentar, buskar og kratt.

Olderdalen FUS barnehage brukar "Lavvoskogen" (privat området dei får bruka) og Heiane leikeplass som gode møteplassar. Dei har forslag om å vidareutvikla skogsområder slik at dei fungerer som naturleikeplass. På leikeplassen på Heiane kunne det vert meir buskar og trer og lune plassar der barna kan gøyme seg i leiken, og klatrepark.

Trodlahaugen barnehage brukar skogen som møteplass og går mykje tur i nærområdet. Dei går til "Ekornskogen", "Indianersletto" i Skjepåsen, sjøen ved Sæbø gard og sjølvsagt leikeplassen i barnehagen.

Furuly barnehage brukar òg skogen som møteplass. Særskilde plassar er Mossabakkane, Ådlandsskogen og Ådlandsvatnet, Hovaneset og "draumeplassen" i skogen rett utanfor barnehagen.

Sæ barnehage brukar lavvoplass på Knutsaåsen og parken på Ås som gode møteplassar.

Resultata frå alle barnehagane vart presentert felles i kommunestyresalen. Barna sine innspel skal inngå i grunnlaget for revidering av kommuneplanen. Viktige nærområdet vil bli kartfesta og teke omsyn til ved utbygging mm.

- Eg er veldig nøgd med arbeidet som er gjort med presentasjonane frå barnehagane. Dei har gjort ein god innsats. Dette prosjektet har fått barna involvert både munnleg og i observasjon. Det heile har vert ein bevisstgjeringsprossess for både barn og vaksne, og det er nesten like viktig som innspela. Måten det er gjort på får ein til å tenka meir på å involvera barn og unge, og dei som skal ta bestemmelsar lerer seg å etterpør det. Eg vil oppfordra politikarane å ta seg tid til å sjå på utsillinga/presentasjonane som heng i kommunestyresalen, seier folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein.

Bilete på topp: barn frå alle barnehagane.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen