Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Roald Urnes, Magnus Mjør og Arne Tveit
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  09.11.2017 10:23
 
Oppdatert: 09.11.2017 10:27

Signerer kontrakt for bygging av ny sjukeheim

I dag var det kontraktsignering ny sjukeheim Bandadalskvartalet på rådmannen sitt kontor.

Kontrakten vart signert av rådmann Magnus Mjør og dagleg leiar Engelsen bygg AS Roald Urnes. Kontraktbeløpet er om lag 120 mill kr inkludert meirverdiavgift.

Arkitekt Arne Tveit (til høgre i biletet) var med på signering av tiltransporteringsavtale mellom Stord kommune, Engelsen bygg AS og arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke AS som skal stå for detaljprosjekteringa for arkitektfaga for bygget.

Den nye sjukeheimen skal bestå av 48 nye sjukeheimsplassar, med sansehage, ny tilkomst for heile anlegget og gangbru mellom nytt og gamalt. Bygget vert nord for eksisterande sjukeheim med utsikt over Leirvik. Bygget skal stå ferdig i 2019.

Stord kommunale eigedom skal ha ansvar for prosjektleiing og oppfølging av utbygginga. Detaljprosjekteringa vil ta til straks, og det vert lagt opp til at sprengingsarbeida vil ta til tidleg på nyåret 2018.

Når nybygget er ferdig vil bebuarane på eksisterande sjukeheim – somatisk avdeling – verta flytta inn i nybygget. Deretter vil den gamle sjukeheimen, som vart bygd for nesten 30 år sidan i 1988, verta renovert og pussa opp. Det er i økonomiplanen sett av 50 mill kr til denne renoveringa.

I kontrakten med Engelsen bygg AS er og med sprenging av tomt i Bandadalskvartalet. På nyåret vil det verta lagt fram sak om bygging av ei blokk med 16 husvære, parkeringsanlegg og mogeleg aktivitetssenter for eldre. Dette bygget skal stå ferdig før 1. juni 2019.

I byggeperioden er det utfordringar med parkering, tilkomst for dei tilsette og pårørande, varelevering, bosshenting mv. Dette vil verta avklart i eigne møte med einingsleiar Esther Aasen Bjelland ved Stord sjukeheim, og Stord kommunale eigedom.

Teikning av ny sjukeheim

Bilete på topp: Roald Urnes, Magnus Mjør og Arne Tveit. Biltet i artikkel: tekning av ny sjukeheim.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen