Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  14.06.2017 14:00
 
Oppdatert: 14.06.2017 14:25

Vann publikumspris

​I førre veke mottok koordinator Liv Astrid Fylksnes og Gerd Turid Nygård publikumsprisen av Linda Buettners praksispris for 2017 på vegne av Stord sjukeheim sin avdeling Backertunet for prosjektet "Kari-Kari vår gode medhjelper".

Liv Astrid Fylkesnes og Gerd Turid Nygård Prisen, som består av ein diplom og 5.000 kr, vart delt ut på regional konferanse for eldremedisin - SESAM-konferansen i Stavanger.

Linda Buettner var ein amerikansk professor i rekreasjonsterapi. Ho har vert ein foregangsfigur for det praksisnære arbeidet og for betydinga av positive aktivitetar i kvardagen.

Prisen skal bidra til "Den gode dagen" for personar med demens gjennom å framheva og dela enkle, kreative, morosame, nære, kjærlege og smarte - altså gode tiltak for personar med demens.

Liv Astrid Fylkesnes sende inn skildring av Backertunet sitt tiltak til "Den gode dagen" som vart stemt fram som vinnar av publikumsprisen. 

Kari-KariKatt som trivselstiltak

Hausten for 5 år sidan flytta kattungen Kari-Kari inn på sjukeheimen til stor glede for bebuarane.

Dei tilsette opplever kvar dag at pasientar som har mista språket sitt, snakkar med Kari-Kari. Pasientane er oppteken med å klappa, beundra og ta vare på katten. Når dei er ute, er katten rundt dei til stor glede for pasientane. For pasientar som er urolege og engstelege, opplever dei at katten har god effekt.

Katten har blitt ein naturleg del av alle arrangement som foregår på sjukeheimen, og har blitt ein kjær medarbeidar. Ofte er ho det dei kaller for "stovevakt". Ho er eit trivselstiltak for pasientar med ulik demenssykdom.

Avdeling Backertunet, som var oppretta for 10 år sidan, har 21 plassar fordelt på fire grupper.

Bilete øvst: Liv Astrid Fylkesnes og Gerd Turid Nygård.
Bilete nedst: katten Kari-Kari

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 3201.23.04780
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen