'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  17.04.2009
 
Oppdatert: 01.04.2014

IKT

Støtteeining IKT Stord kommune

IKT-eininga er ei intern støtteeining for organisasjonen Stord kommune og har ansvar for rådgjeving, innføring og drift av IT og telefoni. Eininga har 8 fast tilsette og 4 lærlingar.

Oppsett av nye elevamaskinarMe held til i trivelege lokale i SKE-bygget på Heiane. Eininga er organisert i eit team.

Dei ulike fagområda i Stord kommune nyttar over 40 forskjellige fagsystem. Mange av desse inneheld personsensitive opplysningar (barnevernet, pleie og omsorg, m.fl.), og set særskilde krav til IT-tryggleik og infrastruktur.

Stord kommune har eit komplekst nettverk og høge krav til effektivitet og tryggleik. Kommunen sitt IT-nettverk består av meir enn 1 850 arbeidsstasjonar og 150 skrivarar, fordelt på 60 ulike bygg.

Det er eit strategisk val at me i størst mogeleg grad skal nytta felles IT-system og fagsystem som vert drifta sentralt.

Drift av felles infrastruktur

Stord kommune har i dag eit moderne driftsmiljø og infrastruktur basert på Windows-plattforma. Som kontorstøttesystem nyttar Stord kommune Microsoft Office 2007, Outlook 2007 og intranett basert på SharePoint. 
For å effektivisera driftsmiljøet har det store satsingsområdet dei siste åra vore å få knytt opp flest mogeleg lokasjonar til breiband. Gjennom eigen samarbeidsavtale med SKL Breiband har Stord kommune sikra fiberoptisk breiband til dei fleste kommunale bygg.

Fokus framover vil blant anna vera å etablera IT-løysingar som gir kommunen sine innbyggjarar innsyn og integrasjon med den kommunale sakshandsaminga. For IT-avdelinga er det ei prioritert oppgåve å etablera løysingar som gir tilgang til kommunale data 24 timar i døgeret, samstundes som naudsynt datatryggleik og konfidensialitet vert oppretthalde.

IT-strategi for Stord kommune 2009-2012 er overordna arbeidsdokument for IKT-eininga. Om du er interessert i å lese meir om kva denne inneheld finn du den til høgre på denne sida.

Brukarstøtte

IT-avdelinga har eige kundeoppfølgingssystem for brukarstøtte. Dette er sjølvsagt berre tilgjengeleg internt for brukarane i Stord kommune sitt nettverk.
Brukarstøttetelefonen er bemanna frå 08:00-15:30 kvardagar. Tlf. 53 49 66 65.

Opplæring

Etter behov hos brukarane set IT-avdelinga opp tilbod om ulike kurs. Det vert også nytta e-læring.

Datatryggleik

Som ansvarleg for den IT-tekniske delen av datatryggleiken, er IT-sjefen medlem i Stord kommune sitt tryggleiksforum.

Kontaktinformasjon

IT-sjef
Gisle Østrem

Telefon
53 49 67 93

Epostadresse
ikt@stord.kommune.no

Brukarstøtte IKT (intern)
53 49 66 65

.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM