Av:
Kulturtenester
Publisert:
07.06.2010
Oppdatert:
08.04.2013
Mandagsklubben er ein fritidsklubb for utviklingshemma frå ca. 12-25 år. Er du frå 25 år og oppover er det Onsdagsklubben som er din fritidsklubb.
På ”Mandagsklubben” kan medlemmane komma i lag med støttekontakt, søsken, eller aleine. Klubbkveldane skal ein sjølv få vera med å bestemma innhaldet i. Det kjem til å vera ulike spel, musikk, dans, kiosksal osv. Musikk kan medlemmene også ta med seg sjølve.
Klubben er open for nabokommunar, og har opningstid kvar mandag kl 18:00-21:00.
Kontaktinformasjon
Ingrid B. Angeltveit
Klubbleiar (Tlf.: 911 61 332)