'' Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  01.11.2009
 
Oppdatert: 10.10.2011

Om å søkja stilling i Stord kommune

Administrasjonsmålet i Stord kommune er nynorsk.

Løns- og arbeidsvilkår

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. For undervisningsstillingar vert løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale, lokale avtaler, lover og forskrifter for grunnskulen.

Kommunen tilbyr svært gode pensjons- og forsikringsordningar. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot frå løna.

Prosedyre ved handsaming av jobbsøknader

Etter at søknadsfristen er ute for ei bestemt stilling, skjer følgjande:

  1. Det vert sendt ut ei førebels melding, inkludert forenkla søkjarliste, til søkjarane.
  2. Søknadane vert handsama ved at kompetanse vert registrert på data.
  3. Utvida søkjarliste vert sendt til eininga som eig den utlyste stillinga og til tillitsvalde, for innstilling.
  4. Søkjarar vert evt. kalla inn til intervju.
  5. Faste stillingar vert tilsett i Tilsetjingsråd, med unntak av sentral leiing. Når det gjeld vikariat/engasjement som ikkje skal vara ut over 12 månader, har einingsleiar fullmakt etter fråsegn og/eller drøfting med tillitsvalde.
  6. Sakshandsamar skriv vedtak, og sender brev og arbeidsavtale til den som vert tilsett.
  7. Etter at stillinga er teken imot, vert melding sendt til søkjarar som ikkje fekk stillinga.

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema skal fyllast ut med oversikt over utdanning og praksis (CV). Rettkjende kopiar av vitnemål/attestar skal takast med til evt. intervju eller leverast på oppfordring.

NB! Veljer du ny brukar før utfylling av elektronisk søknadsskjema vert opplysningane dine lagra til neste gong du søkjer. Seinare kan opplysningane redigerast.

Hugs stillings-ID

Når ein er inne i søknadsskjeaet, må ein hugsa å velja stilling ein ynskjer å søkja på i samsvar med stillings-ID som kjem fram på utlysinga. Skjemaet skal fyllast ut med all relevant utdanning og praksis.

Gå til søknadsskjema

Kontaktinformasjon

Personal- og organisasjonssjef

Annlaug Tenold

Telefon

53 49 66 34

E-postadresse

annlaug.tenold@stord.kommune.no

Tilsette i personalgruppa

Oversikt over tilsette finn du her

 

.

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Emma Ölander Aadland
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

 

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM