Av:
Ingfrid Kambe Strømsnes
Publisert:
12.03.2010
Foto: Nina Sørli
Oppdatert:
19.10.2012
Prosjektleiar
Astrid Larsen
Tlf. 53 49 66 95 / 975 52 231
astrid.larsen@stord.kommune.no
Ressursgruppe: Medlemmar i ressursgruppa
Stord er ressurskommune
Universell utforming tyder at produkt, tenester og omgjevnadar skal utformast på ein slik måte at dei kan nyttast av alle menneske, i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for tilpassing eller spesiell utforming.
Som ressurskommune skal Stord medverka til å:
*Tiltak K1 Nasjonalt utviklingsprosjekt i fylkeskommunar og kommunar
Universell utforming vert utvikla som strategi i kommunal og regional planlegging og forvalting. Tiltaket inkluderer ressurskommunar, pilotfylke og nye pilotkommunar. Alle fylke og 25% av kommunane bør aktivt med innan 2015.
Ressurskommunane skal m.a. bidra til å oppfylle fylgjande mål innanfor K1:
- Kommunane skal arbeide for at alle kommunesentra i Noreg vert universelt utforma.
- Alle kommunar har friluftsområde for allmenn bruk som er universelt utforma.
- Alle kommunar bør ha vedteke kommuneplan med retningsliner og vedtekter for universell utforming innan 2015
- Universell utforming bør vere eit integrert prinsipp i alle regionale planar innan 2015.
- Alle fylke og 25% av kommunane bør delta aktivt i nasjonalt utviklingsprosjekt for universell utforming med kommune og fylkesretta satsing innan 2014.
- Alle kommunar bør ha delteke aktivt i rettleiing om ny plan og bygningslov innan 2010.
Visjon
Stord kommune er eit samfunn for alle. Stord kommune inspirerer i ord og gjerningar andre til å jobba med universell utforming. For å nå målet om eit likestilt og universelt utforma samfunn er det naudsynt med omtanke og innsats på alle nivå i samfunnet. Det er viktig å tenkja ”føre var” prinsippet, med god planlegging ved etablering av nye bustadområde, næringsbygg, samt ved renovering av gater/plassar og bygg.