Av:
Nina Sørli
Publisert:
30.05.2011 07:00
Oppdatert:
30.05.2011 09:53
Stord kommune var i perioden 2005 – 2008 ein av 16 pilotkommunar for universell utforming.
I denne perioden utarbeidde mange av desse kommunane eigne rettleiarar for universell utforming. Desse rettleiarane kom med ytterlegare tilrådingar utover teknisk forskrift.
I 2010 kom ny teknisk forskrift der universell utforming har fått ei vesentleg rolle. Den nye forskrifta har med mange av dei kommunale tilrådingane.
Forskrifta har hatt ein overgangsperiode på eit år, men frå 1. juli 2011 er det den nye forskrifta som gjeld. Stord kommune sin kommunale rettleiar for universell utforming av publikumsbygg vert difor teken ut same dato.