Av:
Morten Fadnes
Publisert:
17.04.2009
Oppdatert:
02.02.2013
Eining for rekneskap og løn vart etablert 1. april 2005 og er ei eiga driftseining i Stord kommune. Eininga er organisert som ei støtteeining i Stord kommune.
Eininga sitt hovudansvar er driftsoppgåver knytt til rekneskap og løn. Rekneskapstekniske spørsmål knytt til bruk av Agresso skal rettast til eininga.
Eining for rekneskap og løn skal levera oppdatert, korrekt rekneskap, rett løn til rett tid, samt rapportera internt og eksternt.
Våre tilsette
Arbeidsoppgåver
- bokføring
- fakturering
- skanning leverandørfaktura
- mottak av elektroniske faktura
- innfordring kommunale krav
- remittering
- rapportering
- kontoavstemmingar
- fast og variabel løn
- reiserekningar
- permisjonar
- fråværsregistrering
- refusjonar
Innfordring
Ved manglande betaling vil det bli purra og det vert rekna gebyr og renter. Manglande betaling av eit krav vil føra til oppseiing av leiger og tenester. For å unngå oppseiing kan ein inngå ein nedbetalingsavtale.
Ved for sein betaling av parkeringsgebyr kjem det eit tillegg på 50% av opphavleg gebyr. For ubetalte eigedomsavgifter, festeavgifter og parkeringsbøter har kommunen legalpant i eigedomen eller bilen. Det vil seia at kommunen kan krevja trekk i løn eller trygd for desse krava. Krava kan også krevjast gjennom tvangssal av eigedom eller bil.
Målgruppe/brukarar
- Alle tenesteeiningar i Stord kommune, inkl. alle lønsmottakarar
- Stord Vatn og Avlaup KF
- Stord kommunale Eigedom KF
- Bømlo kommune
- Fitjar kommune
- Stord Kyrkjelege Fellesråd
- Stord Hamnestell
- Sokneråda i Stord
Samarbeidspartar er m.a.:
- Kommunal Landspensjonskasse
- Statens Pensjonskasse
- Evry
- Agresso
- NAV
- Fylkeskommunen
- Andre kommunar
- Høgskulen Stord/Haugesund
- Private barnehagar