Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Haldis Lauksund
Publisert:  17.04.2009
 
Oppdatert: 13.09.2016

Strategisk leiing i Stord kommune

Strategisk leiing består av rådmann, tre kommunalsjefar, økonomisjef og personal- og organisasjonssjef.

Desse har det overordna administrative leiaransvaret i Stord kommune.

Leiargruppa/strategisk leiing arbeider som eit arbeidslag (team), men med ei klar arbeidsdeling. Kvar einingsleiar i kommunen rapporterer til ein medlemane i Strategisk leiing. Sentrale oppgåver for strategisk leiing/'rådmannsoppgåver' er, jf. kommunestyresak 22/07:

  • Overordna leiing av administrasjon og tenesteproduksjon
  • Førebuing til- og gjennomføring av politiske vedtak
  • Planlegging og utvikling
  • Verksemdstyring, økonomistyring og resultatorientering
  • Leiarutvikling, arbeidsgjevarpolitikk og organisasjonsutvikling
  • Kommunal beredskap
  • Informasjon og kommunikasjon

Ambisjonen er å organisera den sentrale leiinga slik at ein på best måte kan takla dei oppgåvene som skal løysast. Det være seg å sikra gode tenester, god og effektiv drift, gode system for styring og rapportering og god samhandling med politisk nivå. Det er og avgjerande at strategisk leiing har tid og ressursar til å driva nettopp strategisk arbeid, knytt til både organisasjons- og samfunnsutvikling. Følgjande målsettingar låg til grunn for dei endringane som vart gjennomført i 2010:

  • Betre styring
  • Betre samhandling
  • Betre ressursbruk
  • Betre informasjonsflyt

Fordeling av einingar, ansvarsområde m.m.

I budsjettvedtaket for 2016 fatta kommunestyret vedtak om å tilbakeføre dei to kommunale føretaka attende til kommuneorganisasjonen frå og med 1. januar 2016.Av vedtaket følgjer at rådmannen har fullmakt til å vedta ny organisering av dei tekniske tenestene i kommunen, herunder å oppretta ny stilling som leiar for tenestene. Kommunestyret har vedteke at det politiske ansvaret for desse tenesteområda skal liggja til Komité for næring, miljø og kultur.

Kommunalsjefane har i hovudsak fått fordelt einingane seg imellom slik at den speglar den politiske arbeidsdelinga mellom dei politiske komiteane; kommunalsjef RHO, kommunalsjef OOU og kommunalsjef NMK.

Arbeidsdelinga i Strategisk leiing er for tida slik det går fram av tabellen her.

.

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord
Leveringsadresse:
Borggata 2
5417 Stord
Ope: måndag-fredag 8-15.30

Telefon: 53 49 66 00
E-post: post@stord.kommune.no
Kontonr: 8420.07.00014
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Ansvarleg redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Haldis Lauksund
Teknisk ansvarleg: Leif-Arne Helland


Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo MOT-logo Bu i sunnhordland-logo

Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen