Kartutsnitt der du ser postane i turorienteringa litletraven, i området åsskogen på Stord

Litlatraven og Storatraven - Turorientering 2024

Stord Ve og Vel ynskjer også i år å tilby medlemmane å vera med i Litlatraven og Storatraven Turorientering.

Pris

De får 50 % avslag på vanleg pris. Det vert då 50,- for Litlatraven og 75,- for Storatraven. 

Vipps 551659 – Stord kommune ve og vel eller betal kontant (hugs å ta med nøyaktig sum då me ikkje har vekslepengar!!!)

Salet startar, fredag 15. mars, så gjer dykk klåre!!!

I år vert travarane seld frå kundetorget i rådhuset i opningstida som er mellom 09.30 og 14.30.

Områda og registrering

Litlatraven: Åsskogen, Skjephaugen og Gruvene. 30 lette postar tett opptil sti og vegsystem.

Storatraven; Digernes, Sjoalemyro, Lundeåsen og Isdal/Dalheim. 60 postar varierar i vanskegrad, men ingen er vanskelege.

Postane registrerer du i  appen Turorientering (Ny) eller på nett via nettsida Turorientering.no

Ta med deg familien, vener eller kollegaer på tur i skogen og vert kjend med nye områder på Stord.

Fine premiar vert trekt ut mellom dei som fullfører. Velforeininga supplerar med ekstra vinstar mellom medlemmane våre!

Ver med då vel, dette vert vilt vakkert og rått!!

Bli medlem

Alle tilsette i Stord kommune har rett til å vera medlem i Velferdsklubben. I klubben har alle medlemmar same rettar, uansett stilling. Pensjonistar kan framleis vera medlemmar ved å betala kontingent.

Medlemsskapet er friviljug. Inn og utmelding skal skje skriftleg.

NB! Fleire pensjonistar som har jobba i Stord kommune er og med hos oss. Ved å betala kontingent er dei fullverdige medlemmar med same rettar som alle andre.

Kontingent og innmelding

Årskontingent er kr 360 pr. år, som vert trekt frå lønn i desember kvart år. Om du ikkje rekkjer å melda deg inn til lønnstrekk i desember 2023, vil du bli trukke årskontingenta i januar 2024.  

Vil du verta medlem? Send mail til Elin.Mariboe@stord.kommune.no med namn og tilsettnummer.

Styret

Leiar: Espen Lamo, Stord kommunale eigedom, tlf 975 52 047
Nestleiar: Hilde Susann Aadland, Fagavdeling rehabilitering, helse og omsorg, tlf. 952 73 768
Kasserar/medlem.reg: Elin Mariboe, Bibliotek, tlf. 53 49 69 73
Skrivar: Knut Bartnes, Fellestenester, tlf. 966 23 880

Styremedlemmar:
Tore Hatlevik, kulturtenester, tlf. 982 69 900
Tori Stokke Mæhle, Tjødnalio skule, tlf. 990 08 815
Øyvind Spissøy, Stord kommunale eigedom, tlf. 997 25 052
Yngve Kannelønning, tekniske tenester, tlf 920 95 046
Tor-Johnny Agledal, eining for habilitering, tlf 936 79 980
Touqa Ahmad Saheb, Stord sjukeheim

Velferdstilbod