Det er svært viktig at den einskilde har oversikt over kven ein har hatt nærkontakt med. Det er viktig å avgrensa talet nærkontaktar og ikkje minst å ha oversikt over desse. Det er ein auke i tilfelle der opphavet til smitten er ukjent.

Me er glade for at mange på Stord ser ut til å følgja oppmodingane frå kommunen og dei sentrale retningslinene. Det at den einskilde tek ansvar og tilpassar seg er det viktigaste verkemiddelet for å bekjempa smitten.

Klarar me å halde ein meters avstand til kvarandre, ha god hand- og hostehygiene, testar oss og held oss heime når me har symptom, er risikoen for smitte redusert betydeleg.

 

Stord, 1. november 2020
Den kommunale kriseleiinga