Likevel ynskjer ein å gje innbyggjarane ei viss kjensle av 17.mai-stemninga, og vil leggja opp til «direktesendingar» frå nokre av dei tradisjonelle arrangementa. Alle sendingane kan ein sjå på Bladet Sunnhordland. Arrangementa kl 07.00 og 11.00 vert også dekka av Stord24.

Det som er stadfesta per dato er som følgjer:

  • Klokka 07.00: direktesending frå Kaisvingen, der det vert tale ved støtta av Bård Haugland.
  • Klokka 11.00: direktesending frå støtta over dei falne etter 2.verdskrigen ved Stord kyrkje.
  • Etter arrangementet ved støtta over dei falne vil det verta sendt ei kort gudsteneste i opptak.
  • Klokka 16.00: opptak av tale for dagen, som tradisjonelt går føre i Vidsteensparken.

Når det gjeld andre tilskipingar på 17.mai, vil ein koma att etter at nasjonale mynde har kome med sine uttalar kring avgrensingar den 4.mai. Dette gjeld m.a. kva skulekrinsane kan leggja til rette for o.a. Kyrkja ynskjer også å leggja til rette for open kyrkje denne dagen. Her kjem det også presiseringar etter kvart.

17. mai-komiteen i Stord