Tysdag 11.mai gjekk heile skulen i 17.mai-tog. Me hadde oppstilling trinnvis. 7.trinn gjekk fremst i toget og fekk ansvar for skulefana til Tjødnalio. Etter dei fulgte trinna på rad og rekke. Det var god stemning, blide ungar, blå himmel og norske flagg. Det er over eitt år sidan me har kunna samla heile skulen til ein aktivitet. Denne gongen løyste me det med å halda avstand mellom trinna i toget.

Etter toget stilte trinna opp på tildelte plassar. 7.trinnet heldt appell, beste trinnet i toget vart kåra, me høyrte "Ja, vi elsker" og det heile vart avslutta med is.

Det vart ei verdig og høgtideleg førehandsfeiring av nasjonaldagen vår.