17mai.jpg

Fredag 15.mai gjekk 2. trinn i tog til Buneset. Fremst i toget bytte to og to elevar på å bæra klassefana. Den var blitt oppdatert frå i fjor, og hadde fått eit 2-tal på.

Elevar og lærarar ville gleda dei eldre før 17.mai, sidan det ikkje blir tradisjonelt tog i år. På vegen til Buneset stoppa dei for arbeidarane som jobbar i Pollen og song nasjonalsongen. Det gjorde dei òg utanfor Kiwi i Sagvåg. I Buneset var det mange som hadde fått med seg at 2. trinnet ville komma, og dei møtte opp for å sjå dei flinke elevane som kom med hurra-rop, vifta med flagga sine og song "Ja vi elsker"  av full hals. Det var mykje positiv respons å få langs vegen.