Kriseleiinga i Stord kommune hadde i dag eit møte med Folkehelseinstituttet (FHI). Tema for møtet var smittesituasjonen og lokale tiltak. FHI gav råd om kommunen si vidare handtering av situasjonen.

FHI vurderer ikkje smittesituasjonen i Stord kommune å vera i ei særstilling. Den er lik situasjonen i kommunar med tilsvarande smittetal. Tiltaka i Stord er i all hovudsak i samsvar med det som er gjennomført og har medverka til å snu smittetrenden i andre kommunar. Kommunen er på gult beredskapsnivå, men alle må vera budd på endring til raudt nivå.

Kommunen har særleg fått tilbakemelding på oppmodinga om at alle nærkontaktar til personar som skal testast, skal i heimekarantene. I samråd med FHI er kommunen komen til at dette punktet må justerast. Dei negative konsekvensane av tiltaket er større enn effektane tiltaket kan ventast å få. Tiltaket er ikkje tilstrekkeleg målretta mot dei gruppene der risikoen er størst.

Kommunen si oppmoding om heimekarantene er målretta mot til å gjelda desse gruppene:

  • Nærkontaktar til personar som har fått påvist smitte.  
  • Alle i husstanden til personar som skal testast som følgje av luftvegssymptom

Etter råd frå FHI vil kommunen i tillegg presisera:

  • Det vert oppmoda om ei øvre grense på 50 deltakarar på alle arrangement, og at det vert ført gjesteliste. Oppmodinga gjeld også for arrangement med fast seteplass. Arrangøren må ha kontroll med at smittevernreglane vert følgde. Ut over dette gjeld dei nasjonale retningslinene.
  • Trening for born og ungdom under 20 år kan gjennomførast, men ikkje kampar, turneringar og liknande.

Oppdatert 06.11.20:

Stord kommune vil oppmode innbyggjarane om følgjande i samband med korona-situasjonen:

1. Gjennomføre heimekarantene

  • Hald deg heime i «sjølvpålagd» karantene sjølv ved lette luftvegssymptom som tett nase og kribling i halsen. Ha låg terskel for å testa deg.
  • Dei som har luftvegssymptom, bør redusera kontakten med andre og notera seg kven ein til ei kvar tid har vore i kontakt med dei siste 2 dagar
  • Alle i husstanden til ein med luftvegssymptom som er testa, held seg heime i «sjølvpålagd» karantene til negativt prøvesvar ligg føre. Dette gjeld særleg pårørande som er helsepersonell med pasientretta teneste.

2. Det vert oppmoda om heimekontor

  • Alle i Stord kommune som kan løysa arbeidsoppgåvene sine frå heimekontor, skal gjera dette. Skular og barnehagar skal framleis vera opne. Rådhuset på Stord vil vera ope mellom klokka 10:00 og 13:00
  • Andre offentlege og private aktørar med arbeidsplasser i Stord vert oppmoda om å gjera det samee.

3. Besøksrestriksjonar på sjukeheim og omsorgssenter

  • Besøksrestriksjonane på sjukeheimane vert skjerpa inn frå og med laurdag 7. november, følg med på koronasida vår. 

4. Andre tiltak

  • Bruk av munnbind på kollektivtransport og innadørs på offentlig stad (butikkar, kjøpesenter), der ein ikkje kan halda minst 1 meter avstand. Oppmodinga gjeld ikkje born under ungdomsskulealder. Folkehelseinstituttet tilrår ikkje munnbind for born under 13 år.
  • Serveringsstader med bordservering, også dei utan skjenkeløyve, skal føra gjestelister.
  • Den offentlege badinga i kulturhuset og rehabiliteringsenteret vert stengt frå og med laurdag 7. november. Organisert trening og symjeopplæring i skulen vil fortsetta. 
  • Kommunen oppmodar om å avlysa breiddeidrett og amatørkultur for vaksne over 20 år.
  • Trening for born og ungdom under 20 år kan gjennomførast, men ikkje kampar, turneringar og liknande.
  • Treningssenter må sørga for at det ikkje er fleire i lokalet enn at det kan haldast to meters avstand.
  • Ungdomsskulane vert på raudt nivå i to veker frå og med måndag 9. november. Kommunen oppmodar om raudt nivå på vidaregåande skular i same periode. Barneskulane er inntil vidare på gult nivå.