Brannvesenet i Hordaland rykte ut til 69 bustadbrannar mellom klokka 23 og 07 i fjor. Det blir eit gjennomsnitt på nesten seks nattbrannar kvar einaste månad - heile året igjennom - berre i fylket vårt. No bed brannsjefen om at alle sjekkar røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månader.

- Når det brenn, er kvart sekund avgjerande. Ein overlever ikkje lenge i ein bustad som raskt fyllest opp av røyk, så ein er heilt avhengig av tidleg varsling for å redde seg sjølv og dei ein bur saman med, seier Jan Ove Anthun, brannsjef i Stord brann og redning.

Byt batteri i røykvarslaren

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

- Ein fungerande røykvarslar er vaken og følgjer med, også når du søv. Sjå til at du går brannsesongen i møte med nye batteri, og kontroller at du høyrer varslaren godt, seier Anthun.

Desember og januar mest brannfarleg

Desember og januar er dei mest hektiske månadene i året for brannvesenet i Noreg.

- Vi trekkjer innandørs, fyrar i peisen, lagar feit mat på komfyren, tenner lys og ikkje minst – drikk meir alkohol. Denne kombinasjonen er direkte brannfarleg, seier Anthun.

Lokale arrangement

Fredag 29.november, vil brannvesenet og Det lokale el-tilsynet stå på stand ved Heiane Storsenter og Amfi Stord. Kom innom for ein hyggeleg brannførebyggande prat, og få deg eit batteri til røykvarslaren din.

I veke 49 vil brannvesenet og Det lokale el-tilsynet følgje opp med bustadkontrollar. Dette er ein enkel kontroll av branntryggleiken i din bustad, og den er heilt frivillig. Fokusområdet vil vera leilegheiter og leiligheitsbygg i Leirvik og Sagvåg. 

roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.