Månadleg fakturering erstattar dagens ordning med to val når det gjeld betaling av kommunale avgifter og eigedomsskatt, slik at alle no vert innlemma i ordning med månadleg fakturering, kvartalsvis fakturering fell vekk.

Dette er vedteke i kommunestyret 28.11.19.

Minnar om at det er gebyr på papirfaktura.

Ønskjer du å oppretta avtalegiro eller efaktura for å sleppa gebyr finn du rettleiing for det nedanfor. Har du allereie oppretta avtalegiro eller efaktura treng du ikkje melda dette inn på nytt.

Slik gjer du:

Opprett avtale med banken din. Her er tre ulike måtar å gjere det på:

  • Opprett avtale - Logg deg inn i nettbanken din og finn oss som tilbydar av eFaktura og AvtaleGiro.
  • Tilbod i nettbanken - Når du betalar neste rekning frå oss vil du i dei fleste nettbankar bli spurt om du ønskjer å oppretta eFaktura- eller AvtaleGiro-avtale. Ved å akseptera tilbodet vert avtalen oppretta. Du får beskjed når avtalen trer i kraft. Husk at du må betala rekningar tilsendt i posten som normalt inntil avtalen er aktivisert.
     
  • Kontakt banken -  Kontakt banken din for å opprette eFaktura og AvtaleGiro.